SUMSAR idag

Jenta på postkortet er Anne Ellingsdatter Brigsdal, f. 22. januar 1860 på garden Briksdal i Olden. Ho var dotter til Elling Anderssen Brigsdal og Andrine Rasmusdatter Aaberg. Biletet av henne er teke ved Rustøen i Oldedalen ikkje så lenge før ho reiste til Amerika. Iflg. Digitalarkivet reiste ho med Allan Linie frå Bergen den 18. april 1883. Billetten var betalt på førehand, kanskje av han ho gifte seg med etter at ho kom over. Knud Olsen Høialmen (f. 1855) frå nabogarden Høgalmen (Knutbruket) emigrerte to år tidlegare. Begge to hadde også kjenningar i Amerika frå før. Anne Lassedatter Brixdal reiste over so tidleg som i 1869. Ho var fødd på garden Briksdal, men familien overtok seinare eit bruk på Myklebust. Iflg. Folketeljinga i 1865 for Innvik var ho tenestejente på garden ”Høialmen” (Nilsbruket). Mor til Knut kom frå dette bruket.

 Av folketeljinga (Census) i USA 1910 for ”fylket” Benson i Nord-Dakota går det fram at Anne og Knut fekk to søner i Minnesota (Ole 1886 og Edwin 1888) og dottra Elma 1894 i Nord-Dakota (truleg Benson).

 I 1915 reiste brorsonen til Anne, Elling Anderssen Briksdal (f. 1897) til Amerika, til famile (fetter) iflg. Digitalarkivet. To av brødrene til Knut reiste også over, og fire søner av søstra hans Dorte.

 Fotografiet er teke av Alex Lindahl og utgjeve av i kolorert form av Mittet.

Korreksjon:

Iflg. ny kjelde er personen som er avbilda ikkje Anne, men søstra Eli Randine. Eli gifte seg med Rasmus Aabrekk 6. juni 1889, og same dagen gifte bror hennar Anders seg med systra til Rasmus, Janike. Eli vart fødd i 19. juni 1863 og døydde i 4. januar1918.

Torbjørn H 18.01.2012 23:01

Trur ho heiter Ane. Har sett det skrive på ein saltbolle på Aabrekk. Er tippoldemor til Sissel

Jon Rasmus 19.01.2012 02:00

Hei igjen! Det var oldemora til Sissel kom frå Briksdal og var søster til den avbilda Anne som reiste til Amerika. Anne var født i 1860 og Eli Randine (Sissel si oldemor) i 1863. Eli gifte seg til Aabrekk og broren hennar Anders gifte seg med Janike frå A

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.