Dagens glimt frå Stryn

Bombenedslaga i Stryn 24. april 1940

1. bombe:  Vikalida rett ved 300 meters blinkane på skytebana.

2. bombe:   Bjørka ved gamle kommunehuset på Tonning

3. bombe:   Hestestallane på kommunehusplassen

4. bombe:   I vegen litt aust for Smeby hotell (og Esso-stasjonen)

5. bombe :  Aust for smia til Johan Sætre (nord/aust for brannstasjonen)         

6. bombe:   Ved Hotell Tonning/Smeby lada (nord for den)

7. bombe:   I hagen til Hotell Tonning (ikkje langt frå skulen)

8., 9. og 10. bombe gjekk ned i Langeset-hagen (sjå bilete over).

 

Kvifor bomba tyske fly Stryn og kor mange fly var i aktivitet?

Dette er spørsmål vi enno ikkje har fått svar på, men det er grunn til å tru at det ein eller annan plass i ”Bundesarchiv” kan ligge ordrar og rapportar som kan gje svar. I samband med at eg skulle hjelpe ei dotter med eit prosjektarbeid om krigen for nokre år sidan fann eg ut at eg ville prøve å finne ut om lokalavisa kunne gje nokre svar på dette.

 

Bombinga og lokalavisa Fjordingen

Kva stod det om bombinga onsdag 24. april 1940 i lokalavisa ”Fjordingen” og kvifor bomba tyskarane Stryn. Dette ville vi prøve å finne ut.

Vi gjekk til biblioteket og fekk først låne nokre mikrofilmrullar av Fjordingen frå 1940. Vi fann ingenting om bombinga i Stryn. Siste nr. før bombinga var nr. 19 (6. april) og det første etter var nr. 31 (18. mai 1940). Om desse avisene ikkje finns eller om dei vart hoppa over har vi ikkje funne ut av. Avisa vart seinare overteke av nazistane, og redaktøren var frå Austlandet og heitte Bernhard Dippner. Avisa vart gjeva ut i perioden juli 1941 til 31. januar 1942 og eit julehefte desember 1942. Fjordingen starta ikkje oppatt før like oppunder jul i 1945 med eit prøvenummer. 

Deretter sjekka vi årgang 1950 (rundt 10-årsdagen for bombinga), men der fann vi ingen ting. Først i fredagsnummeret den 22. april 1955 fann vi noko om bombinga (15-års minne). Eg vil ta med nokre utdrag av det som stod i avisa 26. april 1965 i høve 25-års markeringa (alle artiklane om hendinga er tilnærma identiske, td. 23. april 1990 og i tillegg eit intervju med sokneprest Eriksen 23.04.1990):

 

 ”KVIFOR BOMBA TYSKARANE STRYN I 1940?

 

Mest truleg dei var ute etter Telegrafstasjonen som heile tida heldt ope, og formidla viktige meldingar

Om lag 15 sprengbomber og 100 brannbomber vart sleppt, men korkje dei eller byger av mitraljøseeld greidde å såre nokon menneske. 

Det var litt for klokka 11 den første bomba eksploderte, og folket i den fredelege norske bygda kvakk til i det intense sollyset frå ein blå himmel.  Redsla var alt byrja breie seg då flyet kom til syne lenger oppe i dalen på nytt. Det retta seg opp, kom nærare, og på nytt lydde den uhyggelege kvinande lyden av fallande bomber. Gong etter gong kom flyet, eller flya, att med sprengbomber og brannbomber. Angrepet vart avslutta med mitraljøseeld mot born, kvinner og menn som sprang for livet opp gjennom bakkane for å nå skogen.  ”Die Luftwaffe” sine bombefly med dei svarte korsa hadde utført endå eit av sine ”heldenmutige” terror-åtak mot ei norsk bygd utan anna forsvar enn det gamle Krag-Jørgensen-rifler kunne gje. Vi skreiv den 24. april 1940, og bygda var Stryn.” 

Vi vil også ta med avsnittsoverskriftene vidare i artikkelen og noko av innhaldet:

 ”FØRSTE BOMBA I VIK”

- den traff i fjellet i Vikalida: ”nedslaget karakteriserast som total bom”.

 ”FULLSTENDIG PANIKK”

-då bombeflyet kom på si andre runde braut det ut panikk og folk sleppte det dei hadde i hendene og flykta til skogs eller gøymde seg i kjellarar til flyet var borte.

”UFATTELEG AT INGEN VART DREPNE”

-det tredje åtaket: ”borna gret, kvinnene bad og mennene bante i si harme og hjelpeløyse”.

 ”100 BRANNBOMBER FALL I ELVA”

-”Tyskarane hadde nok planer om å øydeleggje Stryn mest mogeleg, og den fjerde gongen flyet var over sleppte dei 8-9 bomber.”

 ”MASKINGEVÆR-ELD MOT KVINNER OG BARN PÅ RØMING”

-”Det siste ”storverket” Hitler-ynglane utførde var å skyte med maskingevær på sivilfolket som sprang i hundradvis oppover mot skogen. Foreldre slengde seg over ende i kuleregnet med borna under seg for å verna dei medan kulene slo i bakken og kutta av greiner og tretoppar kringom. Heinkel-flyet, som då flaug i 40-50 meters høgde, skaut heile tida som rasande.”

 ”VAR EIT AV BOMBEFLYA I BRANN DÅ DET REISTE?”

-spesielt under den siste åtaket vart det skote mot bombeflyet med Krag-Jørgensen-rifler: ”Likevel er det folk som den dag i dag hevdar at det rauk av flyet då det stakk av for godt.”

 ”EIT LITE VERKNADSFULLT ÅTAK”

-”Kor det nå enn var så hadde Stryn og stryningane meir flaks enn tenkjeleg er denne aprildagen i 1940. Berre eit einaste hus vart øydelagt, og ikkje eit menneske såra. Om lagnaden hadde vore onnorleis kunne lett heile sentrum ha gått opp i logar. Tyskarane gjorde i alle fall det dei kunne.”

Dette konkluderte Fjordingen med i 1965. Vi set at med kjensla av at ein ikkje har fått svar på alle spørsmål om det som skjedde denne onsdagen i 1940. Gjekk det an å ha så utruleg stor flaks som stryningane hadde denne dagen, eller var tyskarane så utruleg dårlege til både å skyte og bombe. Fjordingen skriv at det dagen før hadde vore stor flyaktivitet over Stryn og at eit av flya truleg hadde vore oppteke med fotografering. Bombeflyet gjekk også inn over Stryn sentrum i svært lav høgde (40-50 meters høgde). Første bomba vart sleppt i ytterkanten av Stryn sentrum; ute i Vikalida. På denne tida var det ikkje mange hus i dette området. Var dette gjort for å åtvare stryningane, slik at folk kunne flykte unna? Dei andre bombene vart i stor grad sleppte over opne flater utan særleg mange hus. 90 av 100 brannbomber landa i elva. Vi vil berre vise til desse fakta, og kanskje ligg svara i tyske krigsarkiv.

 

Tyskarane kom tilbake til Stryn i mai 1940 og bygde opp 3 store militærleirar. På det meste var det kanskje 12-1500 tyske soldatar og befal i det som i dag er Stryn kommune. Det kan spekulerast i om det heile var iscenesett for å skreme stryningane og dermed gjere det lettare for tyskarane å slå seg ned her seinare. Strynefjellsvegen var ikkje etter det vi kan sjå opna for sommarsesongen (var ikkje heilårsveg på den tid), og det er derfor lite truleg at tyskarane kunne tru at kong Haakon VII og fylgjet hans kunne vere i Stryn.

 

Eit anna spørsmål som også heng i lufta, er kor mange tyske bombefly som var med på bombinga av Stryn denne dagen. Av teksten i Fjordingen-artikkelen kan vi ikkje sjå at det var meir enn eit fly, sjølv om Fjordingen spør: ”var eit av bombeflya i brann då det reiste?” Folk vi har snakka med kan ikkje seie sikkert om det var eit eller to fly.  I Fjordingen 23. april 1990 seier tidlegare sokneprest Eilert Eriksen heile tida flyet, mellom anna: ”Flyet slapp bombene, to-tre for hver runde det gjorde”. I same avis står eit sitat frå Firda Tidend, Sandane fredag 26. april 1940: ”Stryn sentrum vart onsdag utsett for eit brutalt bombeåtak. Lensmann Aarnes fortel at det var to-tre fly som kom i retning frå Loen over Stryn, og det vart kasta både sprengbomber og brannbomber. Kommunehuset vart om lag heilt øydelagt, men som ved eit under kom ingen menneskje til skade. I alle fall ei av bombene må ha vore kraftige. Eit krater som vart målt var ca 7 m i tverrmål og 3-4 m djupt.”

 

Det som er sikkert er at flyet (flya) flaug i sirkel ned strynebygda, rundt Staveneset mot Loen, over Årheimsfjellet og over i Strynedalen igjen ved Stauri og ned att mot Tonning. Ei slik runde kunne ikkje ta særleg lang tid, og det kan tenkjast at det berre var eit fly som skapte så mykje uhyggje i Stryn sentrum.  Etter det vi kan sjå, er det iallfall ei hending som kan kallast FLAKS, og det er det faktum at lærar Julius Øvreset hadde gjeve alle ungane på Tonning skule fri denne dagen.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.