Dagens glimt frå Stryn

Dåverande hotelleigar på Videsæter, Lars R. Skaare, står ved sidan av holet som var ca. 4 meter djupt. Privat foto. Firda Tidend, Sandane skriv fredag 26. april 1940: ”Stryn sentrum vart onsdag utsett for eit brutalt bombeåtak. Lensmann Aarnes fortel at det var to-tre fly som kom i retning frå Loen over Stryn, og det vart kasta både sprengbomber og brannbomber. Kommunehuset vart om lag heilt øydelagt, men som ved eit under kom ingen menneskje til skade. I alle fall ei av bombene må ha vore kraftige. Eit krater som vart målt var ca 7 m i tverrmål og 3-4 m djupt.” Frå bombinga 24. april 1940 ved Langeset-huset midt i Stryn sentrum. Den då to år gamle Ruth Bodil Langeset (no Loen) låg og sov på soverommet i 1. etg. (vindauget til venstre). Senga hennar vart fyllt med glasbitar, sand og grus. Terna i huset tok med seg den uskadde Ruth og flykta opp på Bøasætra til hytta der. Mor til Ruth var hos tannlegen i gamle Stryn hotel (i Perhustunet). Då tyskarane bomba sentrum gøymde ho seg i gjødselskjellaren i lada som tilhøyrer Jens Tonning i dag. I Langeset-hagen skal det framleis ligge ei bombe som ikkje eksploderte (ein eller annan plass under det som er parkeringshus i dag).

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.