Dagens glimt frå Stryn

Tonning Exerceerplads og det Stryenske Compagnie

 

I samband med at ein skal rive gamle ”Godsekspedisjonen” på Tonning, vil underteikna be dei ansvarlege for utforminga av dette området om å ivareta plassen sin spesielle historiske verdi. 

 

Kommunen kjøpte arealet av Peder L. Sunde i 1911, og plassen vart då mellom anna brukt til utstillings- og marknadsplass, møteplass for folk om søndagane og på kveldstid og til fotballbane. Den første bana gjekk i nord-syd retning og ”hallja” ned mot elvakanten. Den store 17. mai-feiringa i 1914 hadde og sitt utgangspunkt på denne plassen. På 1930-talet vart den gamle fotballbana ved storstila dugnad snudd i aust-vest retning og jamna ut og omgjort til grusbane. Vart vel også brukt av billaget som hadde garasjar og verkstad ”rundt” bana. Dei fleste som har levd nokre år veit at ”gamle Kommuneplassen” var idrettsplass heilt til Stryn stadion stod ferdig i 1955.

 

Det mange ikkje veit, er at dette området som i dag vert kalla Petterneset truleg har vore øvingsplass (eksersisplass) for strynske soldatar alt før etableringa av det Stryenske Compagnie i 1718. Aaland skriv at kapteinen for det Nordfjordske Kompani var busett på Visnes i Stryn i 1698. Folketeljinga 1701 (manntal) viser at Capitain Libert Johan Pfeil (35 år) og sønene Johan Libert (9 år) og Carl Gustav (7 år) var busett på garden Wedsnæs i Neder Stryen i Indvig prestegjeld. Det er grunn til å tru at ”eksisplassen” var teken i bruk alt då. Telthuset på ”eksisplassen” vart truleg ikkje bygt før etter ca. 1730. Under storbrannen på Øvre-Tonning 19. mai 1721 misste kapteinen for styne-kompaniet (Harboue) alt han eigde og ”kompagniets mundering, armatur og ekvipage”. Dette vart sikkert ein stor kostnad for folket i bygdene, då det var ”legdene” i Olden og Stryn skipreie som måtte koste utstyret for sine eigne soldatar.

 

Under arbeid med å samle historia til Stryne-kompaniet kom underteikna over eit kart i Riksarkivet si samling (GS 113) som er datert 1838. Plassen høyrde til garden Øvre-Tonning og i 1837 vart leigeavtala for eksisplassen formalisert og tinglyst. Kartet viser plasseringa av telthus og sjølve ”eksisplassen”. Det var ikkje mykje hus i området som kartet viser. Nederst til venstre kan ein sjå bygningane i Perhus-tunet. I Ytre-Bø er utskiftinga og utflyttinga frå ”tunet” ikkje gjennomført. Bru mellom Årheim og Tonning (Gamlebrua) er på det tidspunktet ikkje oppført (først ferdig i 1860).

 

Etter det underteikna har fått opplyst, var dette også området der tiendebuda for Nedstryn var plassert, og neset vart på 1800-talet kalla ”Tindebuneset”.

 

Svært mange soldatar frå Stryn kommune misste livet i ”Elleveårskrigen” 1709 til 1719 (Kjelde: Egil Øvrebø, I Kongens Teneste). Av 102 døde i Nordfjordske kompani var meir enn 50 soldatar frå Stryn. 45 strynske soldatar i Sunnmørske 1.og 2. reservekompani misste livet og 2 soldatar i det nyoppretta ”Stryenske Compagnie” misste livet i 1719. Namna på soldatane er å finne i Øvrebø si bok. Dei fleste av desse døydde i København, om bord i krigsskip eller på austlandet.

 

Felttoget i Bohuslen 1788 og krigen mot Sverige 1807-1814 førte til tap av mange soldatar frå Stryn kommune, utan at eg har total oversikt over desse (sjå mellom anna P.M.Skrede i Årbok for Nordfjord 1961, 1963 og H.J.Barstad; m.a. ”Bergenhusiske Regiment i krigen mod Sverige”).

 

Framlegg:

På dette ”militær-historiske” området bør det vurderast om eit minnesmerke over falne soldatane (300 og 200 års-markering om få år) kan plasserast, og samtidig få til ein presentasjon av det ”Stryenske Compagnie”, eksisplassen og kanskje også dei andre aktivitetane som har funne stad i dette området. Alternativa er mange. Det er viktig at ein så tidleg som mogleg i planprosessen kan ta omsyn til dei historiske fakta og prøve å få til noko som kan belyse denne gløymde delen av historia vår.

 

Den beste plasseringa av noko slikt vil etter underteikna sitt syn vere den gjenverande del av ”Petterneset” (Tindebuneset, Eksisplassen eller kva ein no bør kalle det). Utsikta mot Aarheims-holmen og Rindalshyrna er fantasisk og bør i langt større grad enn i dag gjerast tilgjengeleg for ålmenta!!

 Stryn, 21. oktober 2002

 Jon R. Langeseth Vik

 

 

 

 

 

 

Roy Sæten 12.06.2012 13:20

Som yrkesmilitær syns eg det var eit godt forslag og heidre falne stryningar med ein minnelund. Hadde nok vore eit tiltak som eg trur mange i bygda hadde likt.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.