Dagens glimt frå Stryn

"Ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Til tross for naturen sine herjingar frå den vesle istida ca. 1750 og og fram til idag, har Oldedølene, gong etter gong, med flid og nøye rydda og bygt opp igjen eit levedyktig samfunn. Det står respekt av folket der oppe, som held i hevd det mest trauste av vestlandsarven. Dei har fornya seg, utan å tape av syne det beste i kulturarven vår.
Den bakerste bilen, ein Buick 1916 modell, har registernummer T-14 og tilhøyrde opprinneleg Nordangsdalen Auto. Den vart overteken av Nordfjord & Søndmøre Automobilselskap AS i samband med overtakingsavtala som vart vedteka i 1917. Då fekk "Billaget" tilgang til køyringa i den viktige Nordangsdalen ogned til Øie ved Hjørundfjorden. Bilen lengst framme, ein National med registernummer S-140, tilhøyrde Kristian Visnes og vart brukt til skyssing av hotellet sine gjester og leigd ut til "billaget" i samband med overlandsturar. Visnes var skysstasjon lenge før bilen kom hit, og verkstaden til "Billaget" vart etablert på eigedomen til Visnes Hotel og var der fram til 1938.
Sidan 1960 er eit titals grendaskular lagt ned i Stryn. I helga fekk eg høyre mange fargerike historiar frå elevar som gjekk på mange av desse på slutten av femtitalet. Skuleelevane idag vil ikkje tru korleis skulekvardagen var for 50-60 år sidan. I dag er vi kanskje i for stor grad blitt A-4 menneske i eit A-4 samfunn. Endringane har ikkje berre vore til det betre. Vi har tapt noko på vegen. Den største endringa er kanskje at vi ikkje set like stor pris på ting og at vi ikkje greier å glede oss like mykje over det vi får (i overflod).
Den første bilferjeruta i Sogn og Fjordane Fredag 24. juni 1932 starta ei privat bilferjerute mellom Innvik og Faleide. Året etter tok Fylkesbaatane over. Ferja vart nedlagt då vegen Olden-Innvik opna i 1936. Dette kortvarige bilferjesambandet i indre Nordfjord var det første i fylket og den første bilferjeruta til Fylkesbaatane (1933). 141 bilar første året Den 2. juli 1932 melder Fjordabladet at ferja Innvik-Faleide var i full sving og at det sidan starten, 24. juni, var frakta bilar over fjorden kvar dag. I byrjinga av august var talet kome opp i over 70 bilar, og i september oppsummerte ferjedrifta med i alt 141 bilar og 20 motorsyklar. Dagsrekorden var 16 bilar, søndag 4. september. Stryn ungdomslag hadde vore på tur til Førde. I påvente av vegen Olden-Innvik Bilferja Innvik-Faleide vart oppretta i påvente av veg mellom Olden og Innvik. I 1932 var arbeidet i full gang, og vegen var komen langt utover mot Årholen, om lag 10 km frå Innvik. På Utvikfjellet heldt dei óg på med omlegging og utbetringsarbeid, men det let seg gjera å koma fram med bil. Me kjenner til at ein bil kom seg over fjellet frå Utvik alt i 1923, rett nok med hjelp i det brattaste partiet opp mot Brekka. Bilen kom frå Austlandet og vart truleg frakta over fjorden til Innvik med rutebåt. Fylkesbaatane tok over i 1933 Etter første sommarsesongen heldt ferjetrafikken i indre Nordfjord fram i somrane 1933 - 1936. Det fyrste året vart ferja driven privat. I 1933 tok Fylkesbaatane over. Ruta vart då utvida med ferjestogg i Årholen der det vart sett opp ein "ny bilkai". Henta frå: http://www.sffarkiv.no/samsok3/Artikkel/69552/DenForsteBilferjerutaISognOgFjordaneStrynHermundKleppa?ungdomslag::20:7:ResultSimple:Alle Skrive av Hermund Kleppa.
Dette bildet har eg spart på lenge. Det er det siste bildet eg har igjen, og det er med sorg og smerte historiesida for Stryn ikkje lenger blir fornya. Takk til alle interesserte for gode tilbakemeldingar. Må ut på jakt etter nye bilder, og håper eg kjem att med nye bilder før jul.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.