Dagens glimt frå Stryn

Søskenparet Kristen Klemetsen Tonning og Oline Klemetsdtr. Tonning g. Nilsen på tur med familiane sine. Oline vart gift med emissær Andreas Nilsen frå Holmedal (mann med briller og liten unge på fanget), og dei bygsla plassen "Bakkene" under farsgarden hennar. Fotograf Kåre Tonning er sonen deira og han står til høgre for teltet. Kristen Klemetsen Tonning gifte seg med Magnhild Larsdtr. Hatledal og dei bygde ca. 1900 huset vi idag kallar "Vesla Pensjonat". Det vart vanskelege tider, og då Kristen døydde i 1931 vart garden tvangsselt. Nils Bergem overtok. Familien Tonning vart buande i det vesle kårhuset på garden. Dette vart rive då sjukeheimen vart bygt i 1977-78. NB! Treng hjelp med namna som manglar. Filmsnutten kan stoppast når du ynskjer det, og du kan også sjå den i fullskjerm-modus.
Tillitsvalde i Stryn Sparebank, truleg i samband med at Jens R. Bø gjekk av som leiar i forstanderskapen i 1969. Framme f.v.: Kolbein Flo Lunde (styre), Jan Kåre Sætre (styre), Arne J. Sunde (banksjef), Lars Rake (styreleiar), Jens R. Bø (formann i forstanderskapen), Anders H. Berge? (styre), Leif H. Loen?, ukjent. Bak f.v.: Rasmus Fænn (Svaden), Erling Folven?, Karl Nesje?, Nils Skaare, Jens Øvreeide, Anton Sande, ukjent, Lars Hatledal, ukjent, Jens Strand Lunde?, Jon Fridtun, Ivar Dårflot og Elias Glomnes. Der det står ukjent eller ? er eg usikker. Johan A. Fosnes og Reidar Gytri er sikkert nokon av desse. Kom med innspel.
John Lassesen Hjelle (f. 1881) og Oline Larsdtr. Nesdal (f. 1890) gifte seg 25. juni 1915. Dei busette seg på Jobruket på Hjelle (bnr. 2) og fekk sonen Ludvig i 1916. Utanom brudeparet få kjente personar: 1. r., nr. 1 f.v. Ragnvald Nesdal. 2. r., nr 2, 3, og 4 f.v. er Andrine Nesdal?, Anne Nesdal (g. Sæten) og Elise Nesdal (g. Valberg). Sjå om du kan hjelpe her. Vil elles takke Karin Sæten og Inge Jarle Beinnes for god hjelp og gode innspel til dagens bilde 19. mars (Jente og båtar på Vassenden i Loen).
Flott Maurseth-bilete frå ca. 1910. For dei som lurer på retningane i Stryn, så står kyrkja aust-vest. Heldigvis vart kyrkja bygt på Kyrkjeeide - etter mitt syn optimalt plassert i Strynebygda. Viss de studerer biletet vil de sjå at terrenget nord og vest for kyrkja er svært mykje endra i dag. Rundt 1950 vart ein Førde-bulldozer (trur eg) brukt til å planere mange "markje" i Stryn.
Glade barn, syriner og Hansabrus på bordet. Skikkeleg idyll i hagen ved Stryneelva. Her bør de kjenne igjen nokon! Foto K.A. Tonning.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.