Dagens glimt frå Stryn

Fotograf Kåre Tonning d.e. tok dette flotte biletet tidleg på 1950-talet. Det er flott å sjå dette vakre tunet bada i snø og den første vintersola som tittar forsiktig fram. Flofjella som vi Stryningar kalla den flotte fjellrekkja i aust er faktisk like vakre idag. Ta deg ein tur ut i Vikalida no i helga og prøv å fange inn same motivet. Eg trur faktisk at datoen kan vere rundt den 21.-22. januar? I denne vinkelen er det ikkje so mykje som er forandra på desse 50 åra. God helg!

Flott bilete frå kvardagslivet på 50-talet. Silda var viktig i kosthaldet i Norge tidlegare. Gå vekk frå motehysteriet med lågkarbo og et god gammaldags 50-tals kost i staden. Sild og poteter og heimelaga flatbrød!!

Kjenner du nokon her?

Hei folkens.

Her er eit kjempeflott bilete frå Solheim krins. Mange flotte damer med etternamn som Ytreeide, Langeset, Sætre, Kirkeeide, Gjørven, Kyrkjeeide, Svidal mm. Har du namn på ei eller fleire så skriv det i kommentarfeltet. Lykke til!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.