Dagens glimt frå Stryn

Stein Eriksen har motteke premien sin. Speaker og rennleiar var August Ytre-Eide (t.v.). John Eikenæs og småstrikjen Per Ytre-Eide ser langt etter helten som tok OL-gull i Oslo 1952.
Mest truleg er biletet teke i perioden 1940-45. Eg trur jenta med skjørt midt i biletet er Halldis Karstad. Hesten er bunden rett utanfor Nesjebuda.n Til venstre ser ein Myklebusthuset (Fiolen idag) og Aarheim Pensjonat. I bakgrunnen ser ein tunet på Årheim (Åreime).
Kåre var født 2. mars 1901, og her er det nokon av venene hans som feirar dagen hans på femtitalet. Bak frå v.: Karl M. Hjelle og kona Henni, Lilly Tonning, Kari Tonning og Ingebjørg Tonning. Framme sit Kristian P. Tonning, Olaf Fjærestad (Dobakk), Kåre Tonning og mora hans, Oline Klemetsdtr. Tonning (eller er det frk Aagot Bergmann?). Tonny Tonning sit lengst til høgre.
Gratulere med VM-gull Tarjei! Helsar deg med eit bilete som eg trur er farmora di, Margareth Basken Bø, til høgre. To flotte skijenter frå "gamle" dagar. Kjenner nokon av dykk ho til venstre?
Hugsar du dette? Eg hugsar godt formene, og det var vel førstegongsberøring for mange? :)

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.