Dagens glimt frå Stryn

Underteikna sin første julefest utanfor eige hus. Frå v.: Margit Karstad (f. Sunde), Ruth Bodil Langeset Loen, Halldis Karstad, Bergljot "Bella" Langeset (f. Sunde), Arnljot Sunde, Margrethe Karstad og til slutt underteikna saman med mor og far (Helga Margrethe Langeset Vik og Asbjørn A. Vik). Eg var mykje oppe på øvre Tonning hos Margit og familien hennar. Eg fekk som 3-åring kaffi og ei kake eg kalla fly-fly. Eg kjem aldri til å gløyme den lune varmen på kjøkenet og hunden Papen (den var kanskje Årdal sin??). Jula er tida for å minnast dei av våre nære som har godt bort, og eg vil minnast mine kjære her med glede og varme! Godt nytt år til deg som er inne på heimesida mi.
Sjå biletet under. Desse to heng saman. Lada og huset til emissær Isehaug ser du til høgre i dette biletet og til venstre på biletet under.
Sjå biletet over. Desse to høyrer saman.
"Skesseløp" på Nerflona på 1920-talet. Dessverre eit litt dårleg bilete, men eg trur eg kjenner igjen Oskar Mæland og Malvin Tonning lengst til høgre i første rad. Eg kan hugse at eg sat på i bil på isen på Nerflona då eg var liten gut. Syns det var kjempeskummelt og "drit-tøft"!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.