Dagens glimt frå Stryn

Nostalgisk bilde frå sentrum av Olden. Utruleg mange småhus. Gule-buda heilt til venstre i bildet. Kjøsabuda/Krambuda, gamle Yris (eldste delen kom frå Tonning i 1798), Velom-buda, Sima-buda og mange andre hus som idag er borte. Siste huset nedanfor Oldedalsvegen er vel kanskje skulehuset som stod på Brynestad? Jobb for alle Oldarar å skrive ned namna på husa på bildet? Det er berre å hjelpe til.
25. desember 1867 på garden Aarheim vart Peter Christiansen Aarheim fødd. Ti år seinare flytte familien til Tonning og sette opp første byggetrinn av det som i dag er Stryn Vertshus. Petter var nokre år i USA, og på visittkortet sitt skreiv han at han kunne snakke engelsk. Dette gav han sikkert eit konkurransefortrinn når det gjaldt skyssing av turistar. Petter gifta seg med (Anne) Marie Monsdatter Kroken (f. 1872 i Hafslo i Luster). Petter har gjeve namn til neset som i dag heiter Petterneset.
Kjenner du nokon her? Må ha hjelp til å finne alle. Legg merke til dei flotte, heimestrikka gensarane og jakkene.
Lengst nede er husa til Korneliusbruket (bnr 4), og over ser ein Danielbruket (bnr 6). Til høgre er vel Nyheim (bnr 7). Folk som er lommekjende på Kyrkjeeide kan vel kanskje kome med litt meir utfyllande opplysningar? Biletet er eit utsnitt av Widerøe-flyfoto frå 24. august 1954.
Abraham Kårstad står framfor bedrifta si. Leidulf Kårstad skriv om denne bedrifta i boka si: "Utvik - heimbygda mi" som kom ut i 2009. "Nokre av husa til tynnefabrikken står i dag på vestsida av Storeelva, mellom bruene. BYGNINGANE. Lagerbygg 1, nytta som lager til tynneband og stav. To stallar, tilbygg til lagerbygg 1. Verkstad. I øvste høgda vart stavane og botnane laga, og tre menn arbeidde der. Nede var 5-6 mann i arbeid med å lage tynner. Sag. Fyr. Lagerbygg 2, lager til ferdige tynner. Utedo." Sjå meir på s. 138-39 i boka.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.