Dagens glimt frå Stryn

Her var det jentene som skulle ha det kjekt, og guten i bakgrunnen ser litt slukøren ut (trur det er Gullbrand T.) Jentene er fødd ca. 1938. Kjenner du igjen nokon av desse? Foto K.A. Tonning
Nokon seier at dei gamle fjellja er like seg (var vel kanskje han Ivar Aasen), men dette stemmer ikkje alltid. Det manglar idag eit stort stykke ved den borterste fossen i Årheimsfjellet (inn med Eiane/Sætre). Elles er mykje likt seg, jaja her er vel litt meir hus i sentrum idag? :)
Tonning skule, første klasse 1955. Årgang 1948. Foto S. Sefland. Framme f.v.: Torill Nilsen, Bodil Solibakke, Idun Løken, Hallaug Ljåstad, Kari Sandbakk og Sissel Tonning. Bak f.v.: Oddvin Gald, Odd Hool, Arnfinn Ståle Meland, læraren Alfhild Sefland, Asbjørn Andreassen, Bjørn Norlie og Einar Heggestad.
Framme f.v.: Bergljot Magnhild (g. Langeset), Magrete Arnesdtr. (f. Tonning), Peder Larsson Sunde og Margit (g. Karstad). Bak f.v.: Hjørdis (g. Loen), Arnljot, Leif og Oddrun. Magrete var dotter til lagtingspresident Arne Olsson Tonning, og fire av døtrene hans gifte seg med fire av Lars R. Storesunde sine søner (Nigard). Magrete si søster, Oline, busette seg på Tonningshògjen saman med mannen Jens Larsson Sunde. Magrete og Peder budde i nabohuset (Arnljothuset). Kristin Vik og Hallvard Skrede bur der idag. Biletet er redigert i Photoshop.
Fire flotte jenter og to syklar - vakkert tidsbilete frå nesten hundre år tilbake. Jente nr. to frå venstre trur eg er Marta Rasmusdtr. Bødal frå Mindresunde. Eg trur dei andre tre jentene også kjem frå Storesunde krins. Er det nokon som veit meir om biletet? Fotograf J.K. Maurseth ca. 1915. Biletet er behandla i Photoshop.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.