Dagens glimt frå Stryn

Sverre Øvreberg i lys kjeledress var byggherre (i lag med broren Hjalmar og kanskje Olaf) og var sjølvsagt med i arbeidet på det som då skulle bli eit av dei største forretningsbygga i sentrum. I kjellaren heldt Øvreberg Installasjonsforretning til. Ser for meg at det var utstilling oppe ei stund. Det var ikkje få sjokoladar eg kjøpte der i oppveksten (nytta sjansen då eg skulle kjøpe South State til mor og bestemor). Sjokoladane var mindre og mykje betre enn i dag. Eg hugsar godt då eg fekk den føste dongeribuksa mi (ikkje Levi`s, men Wrangler) og bryllaupsdressen min kjøpte eg også hos Øvreberg. Kjenner du nokon av dei som var bygningsmenn på dette bildet?
Øvreberg-huset i Myrane stod ferdig i 1954, og dette glimtet er mest truleg frå hausten 1953. Huset er bygt av dobbel mursteinsmur med luft i mellom. Mest truleg var holrommet fyllt med lecastein. Legg merke til flagget på toppen. Skal legge ut eit bilde til som viser kvifor det vart flagga.
Mest truleg er dette utflytte oldarar i Amerika (USA) som riggar opp til filmframsyning. Er det nokon som kjenner til dette bildet og folka her? Folk frå Løken, Beinnes, rundt Oldevatnet. Veit dokke noko?
Sunde Konfeksjon AS sin "slacks-kolleksjon" hausten 1974 . Fotograf Oluf Tonning (trur eg) fanga inn modellane i Briksdalen. Kjenner du igjen dei lokale modellane? Ho heilt til høgre går stort sett i t-skjorte med svarte og kvite striper. Eg hugsar godt at eg hadde ei slik bukse, grøn med kvit innramming av rutene. Syns sjølv eg var kjempetøff med supersleng. Høyrer akkurat Abba synge "The winner takes it all" på P1 når eg legg dette ut. Det er som å bli slengt nesten 40-år tilbake i tida.
Flotte damer: Aslaug, Malena, Menny og Magnhild?

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.