...bil, buss og lastebil

Flo-ruta og nyebussen på ruta til Grodås nærast kamera. S-1983 er bygt på eigen karosseriverkstad med bygg nr. 10 og registrert 20.07.1951. Den gjekk ut av trafikk 1.1.1970. Bussen var høgreratta og bygt på Volvo chassie. Den nye bussen, S-7086, Volvo levert av VBK og registrert 28.02.1966. Bildet er teke i 1967.
Uttallige turar og kilometer gjennom 402 år i Billaget si teneste. På årsmøtet i Nordfjord & Sunnmøre Billag 24. mai 1968 på Alexandra i Loen fekk desse karane og Martin Brynestad påskjønning i form av NRF sitt heidersteikn med diplom for meir enn 25 års teneste i selskapet. Frå v.: Steinar Høynes, Audvin Melheim, Botolf Hjelle, Johan R. Fure, Tore Korsbrekke, Lasse Folven, John Torvik, Agnar Aaning og Oskar Bjørdal. I bussdøra står Hans Auflem og Olav Holmøyvik. Holmøyvikjen hadde fartstid heilt tilbake til 1927.
Johan Nedreberg ved rattet på ein av dei første bilane som A/S Nordfjord & Søndmøre Automobilselskap kjøpte etter oppstarten i 1914. Bilen, ein Opel 1914-modell, vart kjøpt av Petter Tenden. Om dette skjedde i 1914 eller 1916 er litt usikkert, men det let seg vel gjere å finne ut.
Til høgre ein av bilane til O.G.S. Auto E-6010 Buick. Bildet er teke av fotograf Aaning (Magnus) på trettitalet. Rasmus Langeset leigde vekk bilen sin til overlandsturar, og førte rekneskap over inntektene. I 1935 hadde han både Nashen og ein Hudson 1928-mod. med reg. S-1155. Er det nokon som veit kor det vart av desse tre bilane?
Stolkjerre og S-140, hotellbilen til Kristian Visnes av merke National sju-seter, ca. 1922. Bilen fekk nokre år seinare reg.nr. S-1031.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.