Dagens glimt frå Stryn

Norsk bygdekino er klar til Stryn International Color Film Festival. Er du? Her er teaseren frå Moods of Norway: http://www.youtube.com/watch?v=eERs5ygx_ig
Flott detalj frå ei fine bygd. Sikkert mange som har ting å fortelje frå kaia og livet der! Skriv ned og send til meg!
Birgit Persdotter f. Lunde og Sjur Ingebrigtsen Fænn med barna Ingebrigt ("Brigt"), Per Christian, Inger Johanne og Bjarne heime på Sjurbruket. Sjurnamnet er nemnt på garden første gong i 1698 og Ingebrigt frå 1809.
Lærar Eldbjørg Vinsrygg med førsteklassingane på Storesunde skule august 1976. Skulen var heilt ny, og gjet om desse flotte ungane var stolte av å begynne i første klasse på nyeskulen på Sunde. Det blir spennande å sjå kva som skjer der oppe frå hausten av. Dei tre jentene som står framme heiter Solfrid Sunde, Sonja Lindvik og Oddrun Lunde på den tida. Gutane er Alf Rune Skår (Gjærane), Terje Lunde (Dispa), Frode Sunde, Steinar Sunde (Nigard) og Trond Lindvik. Slike bilde er kjekke!
Ola Pederson Lien og mora Birgit f. Øvrebø frå Jølster. Det var ikkje nokon andre å leike med for ein liten gut på "fjellgarden" Lida i Stryn, så mor måtte trå til og dra kjelken. Faren "Per i Lidene" var mykje i skogen vintersdagen. Til høgre ser ein sleden som han henta ved og tømmer med. Hesten var viktig på ein slik gard.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.