Dagens glimt frå Stryn

Kolbjørn Visnes dreiv bilane ved Visnes Hotel. Mest truleg er det han eller Arne som er på bildet. Visnes Hotel hadde først ein National med reg.nr. S-140 og den var registrert på Kristian Visnes. Visnes-familien dreiv handel og på 1930-talet selde dei MIL-oljeprodukt. Verkstaden til Billaget låg vegg i vegg med Visnes-låven. Denne brukte Billaget til garasje for bilane sine fram til selskapet flytta inn til Tonning (Biltun). Er du interessert i Stryn si motorhistorie og har noko å bidra med (fysisk eller faktastoff), er det fint om du tek kontakt med underteikna på epost: rasmusistryn@hotmail.com eller sms til 90605579. På førehand takk!
To skulebussar på veg ut gjennom Bø til sentrum og vidare til Hornindal, Hopland og Utvik? Bilde frå den tida det berre var ein ungdomsskule for heile Stryn kommune (inkl. Hornindal). Bussane er laga på verkstaden til L/L Nordfjord & Sunnmøre Billag. Sikkert mange som hugsar dette? Foto K.A. Tonning har foreviga dette motivet gjennom takvinduet sitt.
Mange kjende ansikt!
Foto K.A. Tonning foto frå det som i dag er Kreklingen. Lidasagja låg litt nordaust for Vandrarheimen (omtrent vis a vis Frausing).
Signaturen J.V. er ikkje min, men skotten James Valentine, frå Dundee. Han og etterkomarane hans tok mange bilete i Noreg rundt 1900-årskiftet. Her er eit av dei. Tendens hotel på Faleide. Dette er noko som heiter Magical Lanterne Glass Slide og er ei glasplate som vart brukt i ein framvisar som rikfolk hadde på den tida. Bildet er teke i svart kvitt og handkolorert etterpå. Kvaliteten er ikkje den beste, men uansett artig å ha.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.