Dagens glimt frå Stryn

Fotografi teke av C.O Freytag som var mykje i Olden og i Balestrand. Eg trur han kom frå Wiesbaden i Tyskland. Viss eg ikkje tek feil er biletet teke på Yris hotel i Olden, og eg trur det kan vere Inger Yri som steller brura (gjetning!). Viss du veit noko om dette er eg takknemleg for hjelp!
Er det nokon som kjenner denne jenta som gifte seg rundt år 1900?? Mest truleg frå Stryn eller Olden.
Vassenden i Loen er det mest fotograferte motivet i Stryn gjennom tidene. Når ein ser denne sølvtallerkenen, laga av sølvsmed Kristian Hestenes, forstår ein det. Denne gjekk for kr 1500 på nettet. Eg kjøpte den ikkje!!
Velkomen til retro og fotoutstilling i garasjen til Trollhaugen hytter i Loen kl 12.00-20.00 laurdag 18. aug. Gratis inngong. Vafler og kaffi. Kjempeflotte bilder som viser Loen-historia. Ta med slekt og vener til ei fin oppleving!
Tidlegare lærar Steinar Hauge døydde i dag, vel 95 år ung, som han ville sagt det sjølv. Steinar vart fødd på Sandane 15. april 1917, og foreldra var Eli Knutsdtr. f. Wittrup og Nils Hauge (Pålbruket på Hauge). Steinar var nr. 6 i rekkja av 8 sysken. Han gifte seg med Edith f. Opheim i 1957 og saman fekk dei borna Randi, Frode og Nils Petter. Som ein del av svigerfamilien til Steinar vart eg nokså godt kjendt med den tidlegare læraren min, og han var kunnskapsrik og klår heilt til det siste. Steinar var også ein dyktig amatørkunstmålar, taxidermist (utstopping av dyr) og skribent. Han var flink med ord. Eg vil alltid hugse Steinar Hauge d.e. som ein god stryning og eit godt menneske.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.