Dagens glimt frå Stryn

Dei to folkevognbussane tilhøyrde Hotel Alexandra i Loen og vart brukte til å køyre cruiseturistane "over land".
Strame karar utanfor Stryn Postkontor. Bilete frå den tida Posten heldt til i Os-huset (Feldehuset/Stryn Bokhandel). Kjenner du desse? Stikkord (frå venstre): 1. Let hår og sjegg vekse i protest mot innføring av eigedomsskatt tidleg på 70-talet. 2. Banksjef og ordførar. 3. Mr. Industri i Stryn. Kom til Stryn med sykkel, og starta på Ytreeide. 4. "& Søn". Var ein habil fotballspelar. Gift med ne Målla.
Akkurat denne dagen gifte Paul Hatledal og Margit Mykløen seg. Det var ein varm og fin dag. Vigsla var i Oldedalen Kapell, og festen på Briksdalsbre fjellstove. Dei fleste gjestene var komne forbi, men brureparet, presten og nokre av gjestene måtte vade gjennom høg eng og nysådd åker for å kome forbi og vart henta av bilar på andre sida. Henta frå: http://familytreemaker.genealogy.com/users/b/r/v/Helge-Brven-1/WEBSITE-0001/UHP-0064.html Det høyrer med til historia at det ikkje berre vart brannen som vart sløkt denne dagen. Nokre av dei som var med denne dagen var også opptekne med å slokke tørsten. Noko av det som vart berga ut av det brennande hotellet var vin- og brennevinsbeholdninga. Tippar det brann godt i stupen og halsen på nokre av karane.
Var lenge det leiande skyttarlaget i Stryn, med storskytarane i bildet og mellom andre også Johan Flo (d.e.), Rasmus Næss, Rasmus Langeset, Arne Nedreberg og mange andre. Veit du noko om skyttarlaget som du vil dele med oss, er det fint om du sender epost til underteikna eller skriv melding på heimesida. Eg er også interessert i skyttarbilete.
Bilete frå sommaren 1948. Då var det eit spesielt arrangement i Stryn som trekte omlag femtentusen festkledde menneske. Hovudfesten vart arrangert i høylada som "Wehrmacht" bygde i Bøleiren (Hansalager). Heile Strynebygda tok i mot overnattingsgjester, og mange måtte ta til takke med å overnatte i lade og uthus. Johan Isehaug starta iskremfabrikk og selde iskrem i ein liten kiosk mellom Aarheim pensjonat og Johan Flo & Søn. Har du ei augevitneskildring eller er fortalt noko om dette, så er det fint om du vil dele det med oss andre.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.