Dagens glimt frå Stryn

Her vart bestefaren min, Rasmus Langeset, fødd i 1901. Eg har avfotografert eit måleri som tanta mi eig, og det vart måla i 1925 av Anders Orheim, (1850–1930) frå Stårheim. Kunstmålar. Gjekk teikneskule i Bergen 1870–1872 og Knud Bergsliens målarskule (tidl. Eckersbergs målarskule) i Oslo 1872–1874. Han tok også ein studietur til Tyskland før han slo seg til i heimbygda Stårheim. Der bygde han seg ei stove med atelier som familien sidan har teke vare på. Orheim har m.a. måla altartavlene i Stårheim og Davik kyrkjer, men var først og fremst landskapsmålar. Mange av arbeida hans vart selde til nordmenn i USA. Kjelde: Fylkesleksikonet. Viss nokon har måleri som viser gardar eller stadar i Stryn kommune, så er det berre å ta kontakt. Du kan også avfotografere det sjølv og sende biletet på epost til meg. Så skal eg legge det ut. Har du litt informasjon i tillegg så er det fint!
Vi venter i spenning på om det vert ei løysing på dette! I mellomtida kan du sjå på dette skibildet frå Perhustunet ca. 1915. Ein manglar namna på tre personar (merka x), men kjenner du igjen dei andre er det berre å skrive inn namna. Biletet er brukt på s. 11 i Stryn Turn og Idrettslag sitt 75-årsskrift i 1973. Der står også namna.
Mest truleg ei kvinneforeining rundt 1960. Biletet er teke i skulehuset på Ytreeide (klokkargarden). Lærar Olav Svidal var kyrkjesongar (klokkar) og budde i huset med familien sin før han flytte ned i Tonningsbakkane ca. 1960-62. Kona, Lilly f. Liset, står som nr 3 frå venstre. Margit Gjørven, f. Hegranes (står som nr 1 frå venstre) og ektemannen Ivar flytte også ned i bakkane på same tid. Mange av desse damene er gått bort og sjølve skulehuset måtte vike for bygginga av Scania. Kjenner du nokon her eller veit litt om kva slags foreining dette var, er eg takknemleg for hjelp.
Alexandra består her av fire fløyar. Den lengst til venstre vart bygt ca. 1891 med tårn og seinare (1913) ombygt slik den står på biletet. Fløy nr 2 er den opprinnelege frå starten, men det vart bygt arker/takoppløft ca. 1910. Fløy 3 vart flytta bort før 1910 frå Kvamme`s. Fløy 4 er 1934-fløyen. Er ikkje så mange i dag som hugsar Vikingsalen?? Til høgre er restane etter Kvamme`s som vart annekset. Husa til høgre for hotella er familien Drageset sine. Er det nokon som veit noko om desse? Hovudhuset med landhandel vart bygt rundt 1902. Dette biletet er eit utsnitt av eit postkort utgjeve av Harstad ca. 1949. Såkalla skråfoto eller "flyvefoto".
Postkort frå Loen med motiv før 1890. Hotellet til venstre er Alexandra og midt i biletet skimtar ein øvste etasjane av Bruce Kvamme sitt hotell. Markus A. Loen kjøpte Kvamme sitt hotell på auksjon 22.08.1896 for kr 13.275,-. Kvamme sitt hotell hadde då tre fløyar, og Markus plukka seinare ned den austre delen og sette den inn til sitt eige hotell. Alexandra fekk eit stort tilbygg i 1934 (den sokalla 1934-fløyen).

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.