Dagens glimt frå Stryn

Trykksak utgjeven av Anders M. Loen som fortel om opning av nytt hotell i Loen juli månad 1887. Det er mykje som tyder på at hotellet der det ligg i dag vart opna for 125 år sidan i desse dagar. Charles Harvey skriv i boka "Alexandra a Family Hotel 1884-1984" som kom ut i 1984 at hotellet opna i 1884. Eg kan ikkje sjå at det ligg føre noko dokumentasjon på dette. Første annonseringa han viser til er frå 1887 utgåva til "Beyer`s Guide to Western Norway, og då hadde hotellet ikkje fått noko anna namn enn: "A. M. Loen`s Hotel". Ein ting er sikkert; Hotel Alexandra har minst 125 år bak seg sidan det starta opp.
Flott Mittet-kort frå ca. 1915. Huset til venstre er Markus (trur eg) og den vesle bygningen mellom jentene og Lo-kyrkja er Tiendebuda. Den står på "museet" på Oppheim, men det hadde vore stas om den kom tilbake til sin opprinnelege plass. Fotografen har komponert eit flott postkort, og dette vart det selt mange av på Alexandra hotel sitt utsal i tidlegare Kvammes hotel (annekset). Mykje er forandra i Loen sidan dette biletet vart teke, men "Dei gamle Fjell i Syningom, er alltid eins aa sjaa" som Ivar Aasen seier det.
Flott J.K. Maursethbilde frå landevegen Visnes-Berstad. Biletet er teke i vegen mellom Telegrafen og Tonning bru. Er det nokon som kjenner syklistane?
Tre søsken Skår, Sunde, Fure og andre flotte ungdomar. Ivar Fure har lånt militærlua til Odd Sunde. Odd sit framme til høgre i uniform.
Det gamle Grova-tunet med Breifonna og Storskredfjellet i bakgrunnen. Flott Normann-kort.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.