Dagens glimt frå Stryn

Elfrid Bø og Herman Muladal med ei klasse på Stryn linedelte ungdomsskule - truleg frå 1952 årgangen?
Husa til nokre av desse damene måtte rivast då nyevegen Tonningsgata-Rise bru skulle byggjast no siste året. Eg trur berre Ingebjørg Karstad (snart 91 år gammal) er igjen av desse staute damene. Ho står som nr. 2 frå høgre. Sjå om du kjenner igjen desse også. Eg blir litt nostalgisk og trist når eg tenkjer på alle dei som har bygt opp velstandssamfunnet vårt, og som no er borte. Dei gjorde ikkje så mykje ut av seg, men innsatsen deira vart lagt merke til og minnet om dei har mange av oss.
Her tippar eg mange finn bestemødrene eller oldemødrene sine (bestefaren sin). Peder Kyrkjeeide saman med staslege sentrumsdamer. Eg trur eg kjenner igjen alle. Prøv du også!
Strynefjellsrenna på 60- og 70-talet var storhending for oss strikefantane som vaks opp i sentrum. Fullje møringar, tomflasker og mykje underhaldning. Bilete frå Stryn Camping teke av K.A. Tonning ca. 1970. Dette må vere tidleg i helga, for campingen er ikkje heilt fullstappa. Artig minne.
Alpinlegenda Stein Eriksen til høgre, saman med Lars R. Skaare (Buldren) og ein for meg ukjent alpinist. Bilete er teke av K.A. Tonning i inngangspartiet på Videsæter, truleg på slutten av 1960-talet.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.