Dagens glimt frå Stryn

Bilete teke på Mindresunde Camping 21.06.2012 kl 18.17 mot aust. Vakkert motiv fanga frå bryggja til MB Tourist (trur eg). Eg var der med tre etterkomarar av Christian Johansson Storesunde f. 1827 (seinare Wiik, Aarheim, Høgnæs og Tonning), som vaks opp på Røda-plassen. Han bygde seinare (1877) første byggetrinn av det som idag er Stryn Vertshus. Faren var militær (offiser) og heitte Johan Elertsen Bech (også skrive Bæk) og mora var Martha Hansdtr. Storesunde. Dei fekk guten utanfor ekteskapet. Faren hennar var husmann på Røda. Er det nokon som veit noko om denne tidlegare plassen (ligg under garden Vonheim i dag)? Etter det eg har fått opplyst er det jordstykket nærast Jørgen Fure, som tidlegare var Røda-plassen. Hjelp meg med opplysningar!
Erling Gjørven overtok eigedomen i Bombeneset og ville heidre den tidlegare eigaren, Anfinn Bolstad, då den gamle utelada vart opna idag 20.06.2012 etter restaurering. Leif Arne Turøy og lærling Magnhild Guro Gjørven har gjort ein god jobb og har sørga for at utelada står i minst 100 år til. Det er utført omfattande arbeid for å sikre denne gamle bygningen, men det gamle tømmeret er intakt under kledninga. Sperrene er skifta ut og utvendig er lada tjærebreidd. Skiltet er teikna av Reidar Gjørven og Rolf Fure har svidd det. På biletet ser ein frå venstre: Alf Erik Gjørven, Leif Arne Turøy, Erling Gjørven og Magnhild Guro Gjørven. Ein håper at Anfinnbu vert til glede for mange generasjonar ungar og vaksne ved Oppstryn skule og barnehage. Bombeneset er ein stad der Bolstadfolket i eldre tider åt maten sin då dei var ute og jobba på garden (matbombe/matbomme). Sjå meir om Bombeneset under.
Bombeneset er eit eldorado for Oppstryn skule, og eg har hatt gleda av å vere der med skuleelevar og lærarkollega Marie-Johanne Folven onsdagar dei siste to åra. Den gamle utelada er eit element i uteskulen, men like viktig er gapahuken, grønnsakåkeren, eplehagen, råsa frå gamle skulen og opp i Bombeneset, og sist men ikkje minst bålplassen og dei fantastiske steinformasjonane. Dei som har vore der veit kva det er snakk om. Eg vil med dette takka for to kjempefine år på Oppstryn skule og barnehage, og vil ynskje alle ein flott sommar. Frå hausten er Innvik skule arbeidsstaden min, og eg håper eg kan plukke opp mykje lokalhistorie der ute også og at jobbsituasjonen vert like fin som praksisen der ute i 2011. God sommar også til alle som høyrer til Innvik skule.
Sjå også dagens bilete 14. april 2012. Her ser vi det "nye" Stryn sentrum med dei nye forretningsbygga til Stryn Sparebank, Stryn Samyrkelag og Kjell Leirgulen. Då dette biletet vart teke var Fjordingen flytta inn i dei nye lokala sine i 2. etg. i Leirgulenbygget. Torsdag 19. april 1962 vart ekspedisjonen og redaksjonen sine lokale opna. Trykkeriet heldt framleis til nede ved Tonning Bru (huset til trykkar Thorleif Nilsen). Lite anar Heimskringla og Tonning skule om kva som skulle skje vidare innover frå krysset mellom Samyrkelaget og Sparebanken. Nyevegen var ferdig opparbeida ut til Visnes bru. Denne vart opna for trafikk 24. juli 1962 og same året 10. oktober opna også Stavenestunnellen.

Stryn Samyrkelag starta opp hausten 1936. Første butikken var på Meland (viss eg hugsar rett) i kjellaren på det som på 1890-talet var Hotel Victoria (eigd av Isak Andersson Meland). Alt treverket vart kjøpt av staten og flytta opp til Videsæter og gjenreist som Videsæter Hotel i 1903. På det meste hadde samyrkelaget 3 avdelingar (Stryn sentrum, Meland og Hjelledalen).

 

Samyrkelaget jobba lenge for å kome i gong med butikkdrift i Stryn sentrum, men 2. verdskrig sette ein stoppar for dette, og først 3. oktober 1946 kunne ein opne butikk i Otto Raudi sitt forretningsbygg i Myrane på Tonning (Heidi Aud Blomster er der idag). Referatet frå årsmøtet i 1946 stod i Fjordingen 18. februar 1947, og her kan ein lese at omsetnaden frå 3. oktober og ut året var på kr 70.964,27. Styrar var Sigvard Naas og Audun Næss avløyste John Hagen som formann i styret.

 

I avisa måndag 18. juni 1962 fortalte Fjordingen om nybygget som opna same dagen. Bygget hadde ei grunnflate på 400 kvm. og ein 2. etg. på 180 kvm. Byggekostnaden var kalkulert til kr 318.000 og i tillegg kom tomtekostnad på kr 20.000 og innreiing ca. kr 52.000. Hans Brørvik var samyrkelagsstyrar og kunne fortelje at bygget ikkje var heilt ferdig endå. Dei opna butikken utan å ha montert lysarmatur i sjølve butikklokalet og huset var ikkje ferdig måle eller pussa utvendig. I 2. etg. skulle folketannrøkta og arbeidsformidlinga ha kontor når desse var ferdige.

 

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.