Dagens glimt frå Stryn

Her er alle elevane ved Stryn vidaregåande skule 1975/76 samla i bakken utanfor skulen i gamle Humlen-bygget (Stryn kommune sitt industribygg). Oppe til venstre ser ein såvidt Husmorskulen. Elevane der oppe var på det tidspunktet ei eiga eining med eigen styrar, Borhild Sandvik Næss. Lærarane våre som var med på biletet er: Aasta Yri, William "Bill" Dannatt, rektor Oddvar Kyrkjeeide, Kristen Verlo og Oddbjørn Petter Nes. Utstyr og lokalitetar var mangelfulle i høve standarden i dag, men vi som var blant "pionerane" på skulen hadde mange gode opplevingar. Fotograf Gullbrand Tonning.
Kan du sjå kvar dette er? Veit du noko om dei tre store våningshusa? Biletet er teke ca. 1890. Bustadhuset til høgre gjennomgjekk ei stor utviding i 1893-94. I kjellaren var det fengselcelle då huset opprinneleg vart oppført i 1865.
Hjelle er ein av mine topp 3 plassar i Stryn, og Storskredfjellet er på topp 5 lista. Eg var der for nokre år sidan med Indre Nordfjord Turlag, og det er ein tur som eg absolutt vil anbefale. Vi gjekk opp frå Aaning. Utsikta mot fjellet er outstanding og det same kan seiast frå toppen som ligg på 1814 m.o.h.
Flott Normann-kort frå ca. 1955 (mellom 1952 og 1956). Første byggetrinnet i betong vart ferdig i 1952, og 5 år seinare kom det ytterlegare 2 etasjar med 28 nye rom. Eg trur denne fløyen vart kalla "Amerikanar-fløyen" og marknaden for desse "brannsikre" romma var nettopp amerikanarar. På dei mange turane eg har hatt i Statsarkivet i Bergen har eg kjøpt kopiar av branntakstane på Alexandra i samband med alle utvidingane som har funne stad der. Tenkte at eg i løpet av sommaren skal samanfatte litt av dette illustrert med bilete frå dei ulike epokane. Spennande hotellhistorie!
Huset til Aslaug og Olav A. Øvreberg er under sperr og dei flytta inn til jul i 1950. Strandlinja langs Stryneelva er fyllt ut mykje sidan dette biletet vart teke og omlag 45 hus/mindre bygg er borte. Det som er gjort kan vi ikkje gjere noko med, men når eg ser dette biletet er det ein ting som eg får frykteleg lyst til å gjere. Det er å få til ein dugnad på neset aust for kommuneplassen (Tiendeneset, Tindebuneset, Petterneset eller Høgeneset). Eg kan ta kontakt med rådmann og høyre om vi kan sage ned uønska vegetasjon på neset. Er det nokon som har lyst å vere med f.eks. laurdag 16. juni? Eg håper også at kommunen kan flytte eller selje dei to småhusa som står der.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.