Dagens glimt frå Stryn

Dei to øvste vassrette kvite strekane er staden ein tenkjer seg at hovedhusa på garden Bø låg omlag år 500 e. Kr. til omlag år 1200. Den nederste vassrette streken er plasseringa av småhusa som vart avdekka i 2011/12. Her ser ein for seg at det låg 6-8 småhus. Kanksje eitt for kvar av hovedbruka i Stryn på den tida. Den nedste skråstilte linja peikar mot bautaen. Her er truleg ei hovding grav, og ein tenkjer seg at staden er brukt til tingstad og seremoniar. Øvste enden av den andre vertikale streken er truleg ei anna stor grav. Denne vart truleg utgravd før vår tid. Opplysningane vert oppdatert når ein får tilbakemeldingar frå Universitetet i Bergen.
Oppgåve til SRS 101 haust 2009 Historie, Lærarskulen.
https://acrobat.com/app.html#d=i4n66l3XUpOID-ihEl5mkg

Kva skjuler seg i jorda i Bø? Kven er det som ligg gravlagt her? Kvifor vart bautaen reist? Kva vart plassen brukt til?  Det er all grunn til å tru at garden Bø i eldre tider var ein storgard og at høvdingen som budde her hadde stor makt. Funna som er gjort her i nyare tid er klare spor på dette. Bautaen og området rundt (diameter på 8 meter) er freda, og kan ikkje gravast ut. Men randsona rundt kan truleg gje mange svar likevel.

 

Jakob Aaland skriv i bygdesoga for Stryn og Innvik, bind 1 s. 508: At gardane er av dei eldste er rimeleg, for betre lægje har knapt nokon gard i Strynedalen, i eit gronæmt lende og godt imot sola, med skog, godt fjellbeite og framifrå høve til laksefiske. Her er gjort mange og rike gravfunn frå forntida.

 Sjå også side 41 i Aalandsboka.

 

Neste gong du passerar bautaen så må du stoppe opp og gå ned til denne. Sjå for deg at du er til stades på tinget for 1500 år sidan. Kanskje ligg det ein heil okse i kokegropa og du er vitne til ulike seremoniar. Kanskje eit giftarmål eller manndomsprøver? Det ligg fortøyd større og mindre skip fleire stadar langs nedre del av Stryneelva. Du må hugse på at vasstanden var minst 2 meter høgare enn i dag. Det er eit yrande folkeliv og ulike varer skifter eigarar. La fantasien jobbe.

 

Eit hjartesukk! Ein kan ikkje pålegge grunneigar og indirekte tomtekjøparar i det planlagde nye bustadfeltet i Bø-Ytre å ta alle kostnadane med dei utgravingane som lyt skje. Utgravingar som sannsynlegvis vil avdekke store langhus og kanskje også andre graver langt attende i tid. Det er også truleg at ein vil finne fleire spor attende til steinalderen på garden Bø. Dette bør vere ei sak som kommune, fylke, stat og grunneigarar bør gå saman om i eit spleiselag. Eg vil oppfordre dei folkevalde i Stryn til å setje saka på dagsorden snarast mogleg. Det er viktig at ein spelar på lag med Universitet i Bergen og at dei funna som alt er gjort vert formidla til publikum snarast mogleg. Eg har tidlegare omtalt funna på Fure i Veslebygda. Der tok det nesten 20 år før innhaldet i funna vart formidla. Eg vil ynskje Søren Diinhoff og folka hans lykke til med utgravingane.

 

 

Universitetet i Bergen har ansvaret for utgravingane på Vestlandet, og har dei siste 3 åra gjort ein del interessante funn på garden Bø i Stryn. Funn som er spennande og som gjev oss ny kunnskap. På biletet ser ein forskar og utgravingsleiar Søren Diinhoff saman med arkeolog Cecilia Falkendal i arbeid rett vest for bautaen.

 

Arikon har rekonstruert naustet som vart funne i 2010:

http://www.youtube.com/watch?v=OOraPlmIlYc

 

I 2009 vart det funne ein steinalderplass i Bø og i 2011/12 vart det gjort interessante funn på Litle-Arne-jorda mellom riksvegen og huset til Tordis og Eivind Skjerven. Faktisk litt inn på Sme-Per-eigedomen. Her vart det funne stolpehol etter 12 småhus og, som ifølge Diinhoff, er frå to ulike periodar. Dei eldste er frå folkevandringstida, omlag 500 e.Kr.

 

I går og idag (2. juni 2012) har Falkendal og Diinhoff frå Universitetet i Bergen gjort utgravingar nedanfor riksvegen i nærleiken av bautaen. Her er gjort mange interessante funn. Stolpehus, kokegroper, spor etter eit steingjerde og truleg ei kvinnegrav. Desse funna kjem ein nærare tilbake til seinare.

I natt startar laksefiske i mange norske elvar. Vurderer å sitje oppe i natt til første laksen er landa i Gaula. Sjå reportasje på Nrk2 dei neste 24 timane. Her er ein kjempelaks på Lysvoll ca. 1900-10. Henta frå HARTLEY, GILFRID W si bok "Wild Sport and some stories" frå 1912. Flott skildring og mange bilete frå Stryneelva.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.