Dagens glimt frå Stryn

Hjelle var rundt 1910 eit lite, men pulserande lokalsamfunn. Her var hotell (Thor Hjelle), to landhandlarar (Thor Hjelle og Amund Glomnes), bakeri (Amund Bolstad), skomaker med to lærlingar (Ole O. Rosæther). Mons Bolstad var "Dampbåtsfører" på båten i bileta. Han budde i huset med møne mot oss på det nederste biletet. Amund og Jørgen Glomnes eigde huset til høgre i øvste biletet (2. etg.). Elles var Jens Isehaug (emissær) busett på Hjelle. Han var gift med Kristianne Lassedtr. Hjelle. To av sønene deira var Lars (lærar og dirigent) og Johan (Isehaug Kafeteria). Familien flytte til Tonning ca. 1913. Elles budde maskinist Rasmus Gjørven (smed og "tannlækjar") også på Hjelle med familien sin. Det øverste biletet er utgjeve av J.K. Maurseth (1910) og det nedste av foto Normann (ca. 1925).
Her segla skip opp elva for minst 1500 år sidan, i den perioden som vert kalla folkevandringstida. Vasstanden var minst to meter høgare enn i dag (landet låg lavare) og på flødande sjø kan det tenkjast at flate skip har gått heilt opp til Kyrkjeeide (garden Eide, sjå forteljing under). Midt i biletet ser ein den gamle lensmannsgarden i Bø. Bygt av John Davidsen Bøe og overteke av lensmann Lund ca 1885. Då dette biletet vart teke var Lund på plass i Bø (Reina) og eigdomen aust for Reina er Lisje-Arnebruket (Jakob og Sigurd Bø). Dersom du forstørrar opp dette biletet kan du sjå den gamle gravhaugen som ein på biletet kan sjå restar av på platået rett aust (til høgre) for Lisje-Arne-huset. På Aarheimsida kan ein sjå eit av dei tre nausta som no er borte. K. Knudsen, Bergen er fotograf og biletet er teke ca. 1890. Vakkert!!
Bilete frå utgraving av ei kvinnegrav, truleg frå omlag 500 e.Kr. Grava ber preg av å vere plyndra. Søren Diinhoff studerar del av kvinnesmykke (ref. 2) som arkeolog Cecilia Falkendal fann i grava fredag. Sjå midterste bilde i installasjonen. Smykkesteinen er gjennomhola og er laga av raudbrun skifer. Overflata er glatt og den er ca. 1 cm lang. Den har kanskje vore ein del av eit halssmykke. Det vart også funne tre ulike glasfragment i grava (ref. 1 (to stk.) og ref. 3). Det lengst til høgre er sannsynlegvis frå eit drikkebeger og truleg frå romertida. I glasstykket lengst til venstre ser ein tydeleg bobla, og dei to like fragmenta som vart funne kan stamme frå eit drikkeglas eller pyntegjenstand. Glaset er utruleg tynt og skjørt. Å finne to ulike typar glas frå to ulike periodar i same grav er sjeldan kost. Grunnleggar og leiar for Bergen Museum var Stortingspresident (og Eidsvollmann) Wilhelm Frimann Koren Christie. Han var jurist og var truleg i Stryn i 1828 for å hente antemensalet frå dåverande Nedstryn kyrkje. Då han var i Stryn skreiv han om to bautasteinar på Aarheim og to på garden Bø. Den eine i Bø var borte allereide då Christie var i Stryn. (Kjelde: Aalandsboka s. 40, skrive av Haakon Schetelig, professor og leiar av Bergen Museum). Iflg. ei kjelde kan eine bautasteinen på Aarheim vore brukt i ein lademur. Den ligg truleg i dag nedgravd i elvereina. Mest truleg stod desse bautasteinane på noverande bruk nr 1 og 2 på Aarheim.
Forhistoria til vegen over Strynefjellet, Jarnbanekomitèen i NBA og Nordfjord Veikomitè.
Eit flott 100 år gammalt bilete frå Stryn. Sjå utsnittet under med kommentarar. Staden der bautaen står heiter Velljene og er automatisk freda fornminne. Garden Bø si historie er spennande og utgravingane kjem til å gje oss mykje ny viten om korleis det såg ut her tidlegare og kva posisjon dei som budde her hadde.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.