Dagens glimt frå Stryn

Huset til høgre vart flytta til Visnes i 1905/06 (Askely), og i desse dagar flyttar nye eigarar inn. Gratulere Anne og Fred! Er det nokon som har opplysningar til biletet er eg takksam om de skriv eller tek kontakt. NB! Sjå også dagens bilete 21. januar 2012, som er teke på omtrent same staden.
Herleg gjeng med småstrika som spelte fotball inni gata. Dvs. bana var vel i bakgarden til ein av forretningsbygga i Bø-delen av Tonningsgata. Her bør vere nokon som de kjenner?
Artig tidsbilete frå min eigen oppvekst i sentrum. Visnes bru, Sparebanken, Samyrkelaget og Leirgulen sine bygg er nettopp reiste. Inne i gata ser ein kiosken til Ljåstad (Karl) og Fredheim (Misjonshuset). Nesjespiralen er ikkje bygt, og dei nye husa på Visnes hadde vegtilkomst opp Kiperen. På denne tida var det ikkje mange stryningar som hadde bil. Utruleg mange av desse husa i Stryn sentrum er borte. Nesten sjokkerande å telje alle husa som ikkje er lenger i dag. Skriv ned alle husa du ser her som ikkje er lenger. Post det her eller på FB. Lykke til. Musikk: Fagre Stryn, henta frå Bolstadensemblet "Blomster i Stryn". Vakker musikk. Fin versjon.
Kjenner du desse? Her er nokre få tips: Karen til venstre var fødd opp med Oppstrynsvatnet, men bygde hus ved foten av Tonningskamben etter at han gifte seg med syskenbarnet til mannen i midten. Mannen med sykkel og frakk hadde mange bilar i hagen sin, men eg såg aldri at han køyrde sjølv. Han let hår og sjegg vekse i protest mot rådmann Helset og innføringa av eigedomsskatt tidleg på 70-talet. Han til høgre med møkakjerra budde saman med systrene sine midt i Svingjen. Huset i bakgrunnen vart bygd av svogeren til mannen med spaden og søskenbarnet til han med sykkelen. Privat foto.
Første tilrettelagde helikopterlandingsplassen i Stryn. På denne tida synest også eg at helikoptertrafikk var eksotisk. Det kan det vel forsåvidt vere i dag også, men... :) Eg tippar dette er omtrent der dei nye bustadhusa til NK ligg i dag. Legg merke til at ein på den tida hadde råda til å lage tilkomstveg og sette opp ein liten kiosk på helikopterlandingsplassen. Foto K.A. Tonning.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.