Dagens glimt frå Stryn

Flott bilete. Femtitalet - amerikansk bil - flotte jenter og Utvik sentrum. På biletet ser ein Ruth Bodil Langeset g. Loen, Helga Margrethe Langeset g. Vik, Marie Verlo g. Loen, Astrid Karstad g. Beinnes og Per A. Loen (gift med Marie Verlo) i familieselskap ca. 1955. Ruth, Helga, Astrid og Per var søskenborn, og dei tre strynejentene besøkte tanta Hjørdis Pedersdtr. Sunde g. med Andreas Loen i Utvik.

NTB-melding idag:

Nøktern helt

Regjeringen har besluttet å hedre Gunnar Sønstebys minne ved å bekoste begravelsen hans. Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) slår fast at «Kjakan» var en av Norges aller største helter, men også en strålende formidler.

 

– Han lærte våre unge å ikke hate. Han lærte dem å skille mellom de som har skyld, og de som ikke har det. Han lærte dem å søke forsoning, sier Stoltenberg, som lærte å kjenne krigshelten som en nøktern mann.

 

– Sønsteby utstrålte alltid varme og medmenneskelighet. Han var nærmest beskjeden som person, noe jeg fant bemerkelsesverdig, sier statsministeren til NTB.

Gamle-Mattis Næsje i flott positur omtrent midt i biletet. Dei to til venstre er ukjende. Husa i Svingjen tilhøyrer "Skræddermester" Jakob Myklebust, "Landhandler og huemakerske" Anne Aarheim og lengst til høgre ser ein Tonning skule (første skulehuset, bomba 24.04.1940). Gardsbruka i bakgrunnen er Ytre og Indre Bø. Folketeljinga i 1910 viser fylgjande om Mathias og familien: Mathias Næsje f. 27.04.1865 Landhandler, Malene Næsje f. 12.01.1876 Landhandlerhustru, Brita Næsje f. 06.07.1904 Datter, Mathias Næsje f. 16.06.1906 Søn, Sverre Næsje f. 19.01.1909 Søn, Halfrid Lunde f. 10.04.1894 Tjenestepike. Familien budde i "Perhusene" og dreiv butikk i huset som O.L. Brekke held til i. To-tre år seinare bygde Malene Næsje nytt forretningsbygg på tomta vis à vis Myklebust/Aarheim. Personane står rett utanfor Smeby, som var eigd av svogeren til Mathias. På skiltet mellom Mathias og Aarheimhuset står "Til Faleide".
Norske soldatar tok over Niedersachsen-lager sommaren 1945 og kalla leiren for Tonning leir. Bygget til høgre vart kalla Soldatheimen og til venstre ser ein Kinobarakka. Bilete er teke omtrent frå trappa på Betania, og vi ser ein norsk soldat med våpen i øvste-porten. Bak soldaten ser ein vakttårnet, som vi framleis kan sjå fundamenta av mellom Prestebustaden og tidlegare Andenæs-eigedomen.
Flotte bilete som viser utviklinga i Stryn sentrum frå 1905 (under) til 1975 (over). Sjølv om vinklinga er litt forskjellig, er begge bileta tekne omlag frå same plassen - gamletunet til familien Hagen. På det nederste biletet frå venstre ser ein: Ane Hagen med Anna på armen, John, bestemora Brite og heilt til høgre Borghild. Foto Normann (øvste biletet) og ukjent.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.