Dagens glimt frå Stryn

Øverst er Svingjen på den tida Narvesen helt til i Tonninggården (ved sidan av Astoria AS). Under ser vi Perhustunet med pipa til meieriet i bakgrunnen.
Verdskjende utsikta frå Flo mot Erdalen (Årdalen på folkemunne). Postkort frå 80-talet som er gjort sv/kv.
Dei som gjekk på skule på 1960- og 70-talet har stor sjanse for å kjenne igjen mange her. Send kommentarar! Frå Torbjørn Håvik kom dette: Frå venstre: Knut Jacobsen, Herman Muladal, Peder Kyrkjeeide, Magne Dragesæt, ukjend, Laura Vinsrygg, skjult, Johan Lunde, ukjend, ukjend, Erling Bø, Oddlaug Tonning, Steinar Hauge, Annveig Os Berge, Ragnfrid Kyrkjeeide. Den siste på høgresida trur eg er Paal Vedeld, som var rektor ei kort tid. Godt jobba Torbjørn. Då manglar vi dama til venstre for Magne og dei to mellom Johan og Erling. Karin Gald Semb fortel at dama til høgre for Johan er handarbeidslærarinna deira, Signe Hareide. Ho stadfestar også at det er Vedeld som sit framme til høgre.
Takk til Karin Gald Semb for god hjelp! 1947-generasjonen på Ungdomsskulen. Dei første to jenterekker frå venstre (nytt kjent etternamn i parantes): Karin Gald (Semb), Anny Sollied, Bodil Sandbakk (Lien), Britt Solvik, Eli Karstad, Anna MarieTefre (Smestad), Milda Anne Berstad (Lervik), Kjersti Ljåstad, Anne Margrete Dårflot, Unndis Kyrkjeeide (Sundnes), Ingrid Berg, Torill Hagen (Vinsrygg), Ragnhild Fænn (Totland), Oddlaug Brynestad (Frosterød), Grete Håvik (Bjørkedal) og Svanhild Bergem (Hansson). Gutane bakerst frå venstre: ? Skår, ? Maurstad, Jardar Ytreeide, Einar Berstad, ??, Ivar Andenæs og Anders Magne Vik.
Biletet viser det einaste huset som vart øydelagt av tyske bomber i Stryn under 2. verdskrig. Åtaket var den 24. april 1940. Huset vart brukt til kommunehus (kontor og møterom). Opprinneleg var det skulehus (bygt i 1867-68) og brukt til det fram til 1911. Huset stod rett vest for det som i dag er Stryn Vertshus (omtrent der fontena på Per Bolstad Plass står). Heradskasseraren, Rasmus Næss, hadde like før bomba traff gått heim for å ete middag.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.