Dagens glimt frå Stryn

På fana til høgre i biletet står fylgjande: Indviks Ungdomslag. Upp og Fram! Kan bilete ha samanheng med opninga av vegen mellom Olden og Innvik? Er det nokon som har handfast informasjon om festen og personane i bileta?
Sjå bilete og tekst under. Mest truleg er dette biletet tek på Sunde i Olden. Kan bryllaupet ha vore på ein skule, eller er dette på trappa utanfor heimen til Ragnvald? Er det nokon som kjenner igjen personar på biletet?
Brudeparet er Anna Olsdtr. Gytri f. 5. juni 1893 og Ragnvald Davidsen Sunde f. 24. desember 1898. Broren til Anna står framme til høgre (med bart). Han gifte seg på Stauri i Stryn, var lærar og klokkar i Oppstryn og heitte Gustav Olson Gytri.
Inga Olsdtr. Ytreeide vart 60 år 16. april 1953, og feira i lag med slekt og vener. To markante damer frå sentrum er med på biletet (Molla og Petra). Inga sit i midten framme. Alle i Solheim krins må trå til med namn her. Foto K.A. Tonning.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.