Dagens glimt frå Stryn

Postkort utgjeve av Carl Mûller & Sohn på 1920-talet. Kvar er vi i Stryn kommune på dette bildet?
B.S.A. står for The Birminham Small Arms Company Ltd. som starta opp i 1861. Denne sykkelen er truleg produsert etter krigen. Den stolte eigaren er Olav A. Tonning (bror til fotografen) og kona Berda. Dette er frå vitjinga deira i 1957. Jenta som står bak sykkelen kjenner eg ikkje, men dei andre trur eg at eg greier å plassere. Korleis er det med deg? Kjenner du nokon her? Vegen dei står på er bygt igjen i vår tid, og i bakgrunnen står eit "tårn" som framleis er på same staden. Den store grana var eg med på å ta ned på slutten av 1980-talet.
Biletet er teke på 90-årsdagen hans, 18. mars 1970. 32 år gammal tok han over ei viktig stilling etter faren. Han er og nemnd i samband med ein bank i Stryn, der han sat i direksjonen.
Kva for ein gard i Stryn kommune er dette?
Kongen av Siam eller Chulalongkorn (Rama V) som han heitte i heimlandet (no Thailand), var på norgesreise i jul.-aug. 1907. Han kom over Strynefjellet frå Geiranger til Grotli, Videseter, Hjelle, dampskipet Fridtjof Nansen til Mindresunde. Vidare til Hotel Central og Loen der han overnatta med følgjet sitt. Der brukte dei 13 rom. Her er kongen "fanga" av kamera på veg til/frå Kjenndalsbreen. Sætabrua og Sæten i bakgrunnen. Stolkjerra til høgre har registreringsnr. NB amt 217. NB stod for Nordre Bergenhus som var namnet på Sogn og Fjordane fram til 1.1.1919. Boka om reisa hans i Norge var populær i heimlandet og er også utgjeve på norsk. Der er mange bilete frå vårt distrikt. Kong Chulalongkorn av Siam: Reisebrev fra Norge 1907 (Klai Baan) Schibsted 1996 Info om boka finn du her: http://www.dagogtid.no/arkiv/1997/16/bokm3.html

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.