Dagens glimt frå Stryn

Bilete frå 1939. På vindauget står eigentleg bank og på skiltet på døra står namnet på banken: Nordfjord Handels- og Landmandsbank. Sjå om denne under "Handel og vandel". Dette er tidleg våren 1939 og bak eine stolbeinet kan ein skimte ein SURFIVEL (løvetann) som veks opp. Dei fleste lengtar no mot vår og varme!
Bak til venstre er Oddvar Beinnes og framme til venstre sit Ivar Fure. Dei andre klarar eg ikkje å plassere. Kanskje kan du?
I Petterhagjen på 30-talet. Frodig idyll og flotte småungar. Eg lurer på om brura kan vere Kari Raudi g. Vik, men tek det med ei klype salt. Kjenner du nokon her?
Hipp hurra for "Tonningstvillingane" Turid t.v. og Randi fotografert attmed fontena ved Heradsheim for snart femti år sidan. Jentene har bursdag i dag, 11. mars. Alderen skjemmer ikkje! Vi ungane som vaks opp i sentrum hadde mykje moro i området ved gamle kommunehuset. Vi leika trebola, gje vink og mykje anna. Eg synes det var fantastisk kjekt å vekse opp i sentrum, og vi kunne leike fritt omtrent over alt. Å segle på isflak i elva var vel det farlegaste, men elles var det omtrent like trygt som å vere heime! Ei helsing til alle de som var små og unge i sentrum på 60- og 70-talet!!
Herleg bilbilde. Utsnitt av Mittet-dias 24/31 Hjelledalen i serien "I was there". Er det nokon som ikkje har site lengst bak i koffertburet i ei Boble? Det var spennande første gong eg sat bakerst i Bobla til onkelen min, Brynjulf Loen. Før han fekk bobla hadde han ein Wartburgh. Var forresten mykje austeuropeiske bilar i omlaup i Norge på 60-talet, måtte ha noko med bytehandel mellom landa å gjere.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.