Dagens glimt frå Stryn

Utsnitt av eit J.K. Maurseth postkort frå ca. 1910. Rasmus Næss sitt hus er nyleg oppført (det store kvite til høgre i biletet). Elles så ser vi ein del av husmannsplassane på Tonning, og langs Vikaelva kan ein mellom anna sjå nokre av sagene.
Her poserar Smebyen framfor lastebilen til Smeby Auto. Dette er ein Reo Speed Wagon 2,5 tonner med tipp. Flott køyretøy. Smebyen heitte eigentleg Johan J. Ytreeide og var fødd 6. mars 1916. Foreldra var Johannes Ytreeide (slaktar som yrke i 1916) og Elina Mathiasdtr. f. Nesje. Dei starta Smeby Hotell og sonen Johan tok over verksemda deira i 1939. Johan var yngst i søskenflokken på sju, der seks levde opp. Sjå også dagens bilete 23. februar og 24. januar 2012 der Johan er med. Johan var også styrar av Tonning Bensintank (ESSO) og ein habil fotballspelar på Stryn sitt A-lag i fotball. Han vart æresmedlem i Stryn Turn & Idrettslag for innsatsen han la ned for å få bygt Stryn Stadion på Tonningsøyra.
Flott postkort frå Husmo. Tippar det er midt på 1970-talet. Artig å sjå korleis elva eig dalen frå kyrkja og ned til fjorden. Bøndene har også gjort sitt for at dette er blitt eit flott motiv. Velstelte gardar er alltid ei pryd for augo!
Slik såg det ut i idylliske Stryn sentrum fram til nyegata kom i 1971/72. Kommuneplassen var framleis i bruk som fotballbane, og lastebilane nederst i bilete står på kvar side av målet vest på fotballbana. Forretningsbygget til Oskar Meland (rett vest for Johan Flo & Søn) og bustadhuset til Freyvald Norlie er under bygging (bak til høgre i biletet).
Vikingskipet som Bringsvor fekk laga inn i Skjolden, av Ingvald Bø og Matias Lilleheim d.e., kom til slutt på campingplassen til Jon Grøsvik. Om campingen heitte Viking Camping frå før, eller om den skifta namn då vikingskipet kom på plass, veit eg ikkje. Men det siste er vel mest truleg.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.