Dagens glimt frå Stryn

Flott kvardagsbilete frå tida rundt 1950. Kjell Leirgulen i full sving med å vege fisk som han selde frå fiskeruta som han køyrde for faren, Karoles Leirgulen. Bilete utlånt av Arne Tysnes.
Foto K.A. Tonning. På biletet ser vi "Hesteneshuset", Lensmannsgarden "Tingvoll", Tonning skule og Gamleheimen. Det raude huset vest for Heimen vart kalla "Vaskehuset". Det vart bygt i 1941 av Wehrmacht, og kjøpt av Arnljot Pedersen Sunde etter krigen. Han leigde det ut, m.a. til flyktningefamilien Stavrides, Rasmus Holmøy, John Lødøen og Asgjerd Sunde. Delen lengst mot vest vart frå ca. 1962-63 brukt til Tonning barnehage. Denne var i drift langt ut på 70-talet. Det vesle kvite huset (aust for Heimen) var kårhuset på Mørebruket (Kristen Klemetsen Tonning), og vart brukt av familien hans fram til 1977-78. Då vart det rive i samband med utbygginga av sjukeheimen.
Foto K.A. Tonning. Teke før nyegata kom i 1971/72. Utsnitt av vikingskipet lenger nede på sida.
Foto K.A. Tonning. Bilete er teke før nyegata kom i 1971/72.
Ingvald Bø (Skjolden) og Matias Lilleheim d.e. bygde dette skipet på bestilling frå Sverre Bringsvor. Eg hugsar vi gjekk i tog frå Skjolden til sentrum då skipet vart slept på plass. Det var også eit lite vikingspel med viking til hest og jente med langt lyst hår (Henny Bringsvor trur eg). Var liksom ei storhending for oss småstrikane.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.