Dagens glimt frå Stryn

Flott postkort frå tida rett etter opninga av vegen Olden - Innvik i 1936. Fotografen sin bil A-3253 er med på å gjere dette biletet fullkome. Eg tenkjer ofte på dei karane som bygde denne vegen. Det var hardt arbeid og timeløna var låg. Men mang ein munn vart metta i Indre Nordfjord i den vanskelege mellomkrigstida takka vere dette veganlegget, "Singervegen". Singer finansierte også Nordfjord Sjukehus. Eit anna tiltak som var livsviktig for folk i Nordfjord. No 3/4-århundre seinare har "vi" rasert eit velfungerande sjukehus. Til venstre ser ein Loen og Skåla.
Her er alle elevane på Tonning skule samla i "triangelen", krysset ved "Telegrafen". Huset bak ungane er Andreas R. Sunde sitt (eigd av Birger Sunde i dag). Namna og historia om turen kjem ved eit seinare høve. Biletet er teke i 1915/16.
Kjenner du desse? Biletet er teke sommaren 1916, og veslejenta som sit på fanget til venstre overtok bruket seinare. Ho heitte Martha. Faren Klemet sit heilt til høgre. Av dei vaksne er to ikkje identifiserte. Det er person 2 og 4 sitjande frå venstre (2 damer). Dersom nokon har opplysningar om biletet tek eg imot med takk. Eg legg på alle namna seinare.
Interessant Widerøe flyfoto som viser det meste av tumleplassen for ungane i sentrum. Det var spesielt kjekt å leike i området rundt kommunehuset, billaget, Esso og kommuneplassen. Her var det mykje spennande for både små og store. Isflak frå Jordmorløkjen og ut i elva, balansering på Televerkstromlane, trebola meg på kommunehustroppa og mykje meir. Mange gode minner!
Tonning sett frå Aarheim.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.