Dagens glimt frå Stryn

Detalj frå K. Knudsen foto ca. 1870. Tonning faste skule vart bygt i 1867 og innvia i 1868. Borna i Tonning krins gjekk i omgangsskule heilt fram til då. Vi må også ta i betraktning at første brua over elva i sentrum ikkje kom før i 1860. Ungane vart fram til då rodde over elva for å gå i omgongsskule. Den første skulen låg omtrent der bassenget på Per Bolstad plass er og husa til Rasmus Sunde der Isehaug kafeteria ligg. Dei vart flytta ut i tunet i 1890, og er det vi no kallar Telegrafen og Skomakarhuset. Naustet vest for Sjøbuda vart rive i 1880-åra for å gje plass til Nedstryn Handelsforening si sjøbu (1885). Handelsforeninga var eigd av ca 100 bønder i Stryn og skipa i 1874. Den heldt til i den såkalla Skjenkestova. Brandt som eigde heile Perhustunet døydde i 1873, og eigedomen vart stykka opp. Krambua som er omtalt i stykket om Harald Eikenæs under "Handel og vandel", er det vesle tilbygget på Hovudhuset (Walhalla).
Friminutt på Tonning faste skule ein vinterdag ca. 1910. Skulehuset låg rett sør for der ungane står, på andre sida av hovudvegen (rett vest for Stryn Vertshus i dag). Huset til venstre er skreddar Jakob Myklebust sitt (Fiolen held til der idag) og huset til høgre er frøken Anne Aarheim sitt. Ho var hattemakar og dreiv pensjonat. Begge husa vart påbygde på 1920- og 30-talet. Sjå andre bilete på heimesida mi. På Sumsar sin blogg 16. januar ser de Aarheim Pensjonat på 60-talet. Det vart rive då nyevegen kom i 1971-72.
Sjå dagens bilete 20. mars 2012: http://www.stryn.biz/73222530/217097/posting/barnehagebussen-på-tonning Her ser vi Tante Karen (Ytre-Eide) saman med nokre av borna på Tonning . John A. Nesje står nærast kamera. Eg treng hjelp til å identifisere dei andre. I skuret til venstre i biletet var basen for barnehagen. Her låg sekkane våre og eg trur også vi åt maten vår der når veiret var mindre bra. Artig tidsminne frå "gamle" Stryn ca. 1950.
Eg veit ikkje alle namna, men trur fru Skaare er nr 2 f.v., vidare fru Fænn, Arve Ytre-Eide og Karen Ytre-Eide. Kan det vere mor til Karen, Sme-Per-Kari og Oddlaug Ytre-Eide (g. Karstensen)???. Nr. 2 frå høgre er ho Tora på Bakkjen (Tora Tonning). Hjelp meg med dette!!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.