Dagens glimt frå Stryn

Petter Næss peikar på Petter Næss. Likskapen er slåande. Bilete frå underteikna sin film om filmen som vart vist på premiereutstillinga.
NrK-journalist Hans-Olav Rise og Simon Partridge på premierefesten. Det var ein spesiell kveld for begge. Simon er sonen til den engelske piloten kaptein Richard T. Partridge, som var med i luftkampen over Grotli og seinare vart ven med den tyske flygaren Horst Schopis. Hans-Olav Rise fekk ein spesiell sms under filmen, som sterkt var knytta opp mot ei av hendingane i denne. Ei hending som nokre av oss innvidde i Stryn har hatt kjennskap til lenge. Den avdøde eidaren Sverre Myklebust var med i den norske patrulja på Strynefjellet, og han avfyrte skotet som drepte den tyske soldaten på Grotli. Tyskaren tok etter våpenet sitt, og i samsvar med instruksen vart han "teken ut". Sverre er oldefar til Hans-Olav, og det var ei sterk oppleving både for Sverre i april 1940 og Hans-Olav laurdags kvelden. Eg hadde ein hyggeleg prat med begge.
Premiere-sjefen Beate Louise Vik Hauge saman med ordførar Sven Flo, regissør Petter Næss og skodespelar Stig Henrik Hoff på trappa før dei gjekk den raude lauparen.
Festpynta krigsstatist Geir Tonning med maksingeværet som vart smugla til Stryn frå Gjøvik under 2. verdskrig. Odd R. Bøe var den som tok sjansen på å gjennomføre denne farefulle ferda. Frå utstillinga på premierefesten.
Sjå på biletet under. Der blir det zooma inn på alle personane. Send kommentar dersom du kjenner nokon. Vi må ha alle namna!!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.