Dagens glimt frå Stryn

Birger Skåre og statistane frå Skjåk framfor Hjelle Hotel 14. april 2011. Det var ein interessant og spennande filmdag på Hjelle. Rupert Grint var det store høgdepunktet for alle skodelystne! Frå venstre: Jenni Anette Hånsnar, Kent Andreas Nygjerdet, Per Thomas Heggebotten, Jørgen Vole, Kai Rune Melby, Birger Skåre, David H. Navarro, Aud Hove, Jon Arild Jøingsli og Morten Heggebotten. Sitjande: Gunn Berit Vole.
DVD om hendingane på Strynefjellet april 1940 og glimt frå filminga på Hjelle april 2011 er klar. Bestill her: http://www.stryn.biz/73222529
Flott objekt som eg ikkje la inn høgt nok bod på. Biletet er teke like etter år 1900. Det kvite huset til høgre i biletet er huset til "Iverane", eigd av Iver Eikenæs (sjå om han under fiske i Stryn).
Filmen får dei proffe filmmeldarane skrive om, men personleg synest eg det var ein underhaldande, varm og humoristisk film. 140 minutt gjekk alt for fort. Regissøren Petter Næss sa før filmen vart vist at den er inspirert av dei verkelege hendingane på Grotli våren 1940, men at han først og femst ville fortelje ei historie om fem menn i ei hytta i høgfjellet og korleis du måtte samarbeide for å overleve. Det var flott å sjå korleis desse fem gjekk frå å vere fiendar til vener. Flott film!
Svein Øvreberg fortel kona Grethe om kvar dei tyske leirane låg i Stryn sentrum. I bakgrunnen ser ein superkjendis og skodespelar Rupert Grint på pressekonferansen på Hjelle Hotell våren 2011 (frå filmen om filmen).

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.