Dagens glimt frå Stryn

Er det nokon som veit noko om denne karen. På Eid Frimerkeklubb si årlege messe på Skei idag fekk eg sjå eit postkort med denne karen, og eigaren Per Rune Vereide var så grei at eg fekk kopiere kortet. På baksida står det: "Kjennar du att Markus Kjømeistaren." Anton har skrive det til lærar Eide. Eg har brukt biletet under Strynebilete. Der kan du sjå det i større format. Han kan vere frå Loen/Olden kanskje?? I Olden er det to aktuelle personar som begge var med på FT 1900 og 1910. Det er Markus G. Auflem f. 1837 og Markus Olsen Vanberg f. 1829. Er det nokon som kjenner desse av utsjånad?
Spelarane er frå venstre: Jon B. Nesje, Otto Vik, Sven Gabriel Reme, Dag Olav Skrivervik, Jonny Nils Bolset, Kjell Rune Flo, Asbjørn Flo, Tore Bøe, Hallgeir Brekke, Oddgeir Egge, Jon Rasmus Langeseth Vik, Kjell Lennart (Eriksen) Alsaker, Jørn Folkestad og Mathias Lilleheim. Vi trur det var han Jon B. som fekk den første Crossmasteren. Kjell Rune var yngstemann på laget, og etter mi meining Stryning nr 0001 på fotballbana gjennom tidene. Eg opplevde skåringa hans på Bislett for Molde mot Vålerenga. Då var eg ein frykteleg stolt tremenning!! Seinare har Flo-namnet blitt viden kjent, men Kjell Rune står framleis som nr. 1.
Handels- og gjestgjevarstaden Olden i 1870-åra. Vilhelm R. Yri kjøpte gjestgjevarstaden i 1874, og bygde seinare Yris Hotel (ca. 1890).
Sunde i Olden fekk brevhus II i 1899. I 1910 vart det omgjort til postkontor med gardbrukar Andreas A. Sunde som første styrar. Samstundes vart postadressa omgjort til Oldenvatn.I 1923 vart det endra til Oldevatn. Postopneriet vart lagt ned i 1928, men opna på nytt i 1929. I 1944 vart det endra frå postopneri til brevhus, og endeleg nedlagt i 1961.
EG TIPPAR DETTE BILETET ER TEKE CA. 1946-47. BILETET ER TEKE I MÅLET LENGST VEST PÅ KOMMUNEPLASSEN (MOT VERKSTADEN TIL BILLAGET). GRASBANA PÅ TONNINGSØYRA VART TEKEN I BRUK I 1955. FRAMME FRÅ VENSTRE: OLAV AARHEIM, JOHN AARHEIM, ARNULF EIKENES, STEFFEN ØVREEIDE OG ANSGAR K. SANDBAKK. BAK: JOHAN YTREEIDE (SMEBYEN), MALVIN MÆLAND, JOHAN ISEHAUG, JAKOB P. SANDBAKK, PER P. SANDBAKK OG EGIL GLOMNES. NAMNA ER BEKREFTA PER J. SÆTRE, EIN AV FOTBALLEN SINE "GRAND OLD MEN" I STRYN. HAN PER HADDE EI KJEMPEFLOTT OG INTERESSANT UTSTILLING I GAMLE KOMMUNEHUSET I SOMMAR. HÅPER DEN BLIR OPEN I ÅR OG!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.