Dagens glimt frå Stryn

Henta frå boka:

Hagen 75 år 1934 -2009 av Kjetil Tandstad.

Illustrasjon: annonse i Fjordingen 3. april 1935.

”No har du vel bygd så mange trapper at dei rekk heilt opp i himmelen!

- Eg veit ikkje det. Det har blitt ganske mange kjellartrapper også dei siste åra.”

 

Denne skal nok snart ut igjen, spøkte grannen Einar Sølvberg då han var med og bar den nye og blytunge snikkarmaskina til Hagen-brørne inn i kjellaren i ”Haja”.

 

1934 var endå eit grått førkrigsår. Gjennom ei årrekkje hadde det vore mangel både på pengar og utvikling. I jordbruksbygda Stryn var det knapt om arbeid for alle som ikkje kunne overta ein gard frå foreldra sine. Mange tiltakssame ungdommar hadde vinka bygda farvel og teke seg arbeid i Amerika. Men også der var det depresjon og arbeidsløyse. Ungdommen var nesten desperat etter å få seg noko å gjere.

 

Snikkardraum. Den gammaldagse bygdesnikkaren var det framleis bruk for, men yrket var ikkje så mykje å leve av, for det var få oppdrag og mange om beinet. Sønene til Elias Hagen hadde skaffa seg røynsle som bygningsmenn og hadde lang praksis frå snikkarverkstad. No gjekk dei og emna på noko for seg sjølve. Det første dei skulle gjere var å kjøpe seg ei moderne snikkarmaskin. Det var fantastisk kor mange ulike oppgåver ei slik maskin kunne utføre, om ein hadde det rette ekstrautstyret. Det hadde alt kome nokre slike vedunder til distriktet og dei visste kor tidssparande dei var.

 Eldstemann John var 38 og hadde lang røynsle både som snikkar og bygningsmann. Gustav Hagen var 27 og hadde skaffa seg grundig fagkunnskap frå snikkarfagskulen på Holmøy Arbeidsskule. Begge brørne hadde røynsle frå arbeid ved A. Sølvbergs Snikkarverkstad, som var næraste naboen. Det var ikkje så rart at Sølvbergjen sleppte frå seg ein skeptisk replikk under dugnaden med snikkarmaskina. Han visste han stod i ferd med å misse to dyktige medarbeidarar og at dei kom til å bli konkurrentane hans. Men han var også ein god bygdemann og nabo og stilte naturlegvis opp på dugnad når brørne i Hagen skulle prøve seg for seg sjølv.

 

Fotballtur. Året før hadde ein flokk unge menn frå Stryn hyrt ein heil buss og tre åttesetars turistbilar for å reise til Oslo for å sjå landskampen mellom Noreg og Sverige. Turen var eit storhende det vart snakka mykje om i bygda. Ein hovudstadtur var ikkje noko en la ut på kvart år, i alle fall ikkje berre for å vere tilskodar på eit idrettsstemne. Men Gustav var ungkar og spelemann og var dessutan sjukemeld på grunn av ein skade i handa. Han hadde slikt å gjere.

 Det var ikkje først og fremst fotballen som lokka, sjølv om han nok var med og gjorde seg gjeldande på tribunen saman med resten av gjengen frå Stryn. Til lite nytte, forresten, for Noreg tapte kampen. Medan kameratane opplevde byen og såg på hovudstadsdamene, såg Gustav på snikkarutstyr. Valet fall på ei kombinert snikkarmaskin US 600 hos firmaet Falkenberg – eit firma som bedrifta skulle bevare eit godt kundeforhold til frå starten og heilt inn i dataalderen.

Seinare på hausten kom ein agent frå firmaet til Stryn for å ordne kontrakten. Prisen var kr. 1.957,15, medrekna ekstrautstyr som fyllingsfres, slesseskive, spindel med overgangshovud, tappeapparat, firkanthovud, dørspennar, sprossestål og sagblad. På kjøpet fekk dei tre gode langhalsbor. Prisen tilsvara to tredjedelar av det snikkarane måtte ha for å setje opp eit vanleg våningshus på denne tida.

 

Interessant historie om ei av våre hjørnesteinsbedrifter. Boka får du i bokhandlane i Stryn. Underteikna har bidrege med bilete og annonsar.

 

Eit artid tidsbilete frå Olden 1910. Utgjevar R. A. Liseth. Eg meiner at han var ein utflytta oldar, som var heime på vitjing frå USA. Nokon som veit sikkert? Eg trur at Markus Garbrandson Auflem sit som nr 2 frå venstre i bakerste rekke. Han er 73 iflg. informasjonen på biletet.  Elling Briksdal sit to plassar til høgre for han. Mittet har også gjeve ut dette kortet på 1930 talet.

Informasjon frå Ragnar Skarstein:

Kjell Ottar Heggestad skriv følgjande om m.a. ei biltesamling han har på nettet og om dette bildet:
"Nokre av dei eldste og flottaste bilda i den samlinga er tekne av Rasmus A. Liseth. Han var son til gardbrukaren på Heggestad (dei skreiv Liseth før dei skifta til gardsnamnet Heggestad) og var profesjonell fotograf i Amerika frå 1890 og utover. Det er Rasmus som har teke mellom anna bildet av "oldenbønder i høg alder" som heng i gamlekyrkja. Rasmus var heime i Nordfjord i år 1900 i og år 1910 og likte å fotografere i ein bonderomatisk stil. (Eg har høyrt at ikkje alle gamlekarane var like begreistra for "nisseluene" som dei har på seg på gruppebildet.)

Biletet er teke i 1910, og det stemmer med alderen til Markus G. Auflem (red.).

Personane lengst bak er øverste tekstlinje osv. Einig i at det er eit verdfult bilete og så er det attpåtil namnsett!

Anbefaling: Kjell Ottar Heggestad si fotoside: http://www.heggestad.com/welcome.html

NB! Viss du klikkar på biletet får du det opp i større format. Då kan du lese namna.

Eg er 99,99% sikker på at mannen heiter Markus Garbrandson Auflem (Avlein), og han vart fødd 23.10.1837 av foreldra Garbrand Marcussen Quamme og Kari Anthonsdatter Sunde. Av kyrkjeboka kan ein lese at faren hadde vore i Bergen og fått utdanning som bøkker (tønnemaker) og Markus sjølv står oppført i folketeljinga i 1865 som "Bøkert". Dette stemmer 100% med biletet. På baksida av kortet stod det at han var kjømeister, og dette vert bekrefta i Aalandsboka del II s. 12: "Både Garbrand og Markus var mykje nytta som kjøkemeistrar."

Plassen dei budde på heitte Flata og låg på Auflem. Yngste dottera til Markus, Petrine, fekk skøyte på bruket i 1901. Bruket heiter i dag Solvoll (bnr. 8 Auflem). Petrine var syerske og flytte seinare til Bergen.

Markus sjølv vart nesten 90 år gammal, og han døydde i Olden 2. august 1927.

Tilbake til biletet. Markus sit ved bandekrakken og lagar tønneband. Dette vart brukt til å halde tønnestavane saman. Både tønnestavar og tønneband vart produsert på mange gardar i Indre Nordfjord. Markus han var utdanna til å lage tønner. Han står også seinare oppført som skomaker. Han var sikkert ein hendig kar. Det kan sjå ut som om Markus held til i eit naust, og eg reknar det som sannsynleg at alle brukarane og plassane på Auflem hadde naust. Eg ser det også naturleg at greinene ein brukte til å lage tønneband vart lagt i blaut i fjorden før det vart smidd til. Det vert framleis laga tønner på Vestlandet.

Produsentar av tønner: http://www.distriktstorget.no/kategori/kogh/tynner

Utdanning i vidargåande skule: http://www.design-handverk.no/Bokker.htm

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.