Dagens glimt frå Stryn

Komande onsdag fyller Sverre Bringsvor 95 år. Her er han fotografert saman med broren Ingvald og familiane deira. Ingvald står nærast kamera og Sverre til høgre oppe på lasteplanet saman med Rolv Vik. Du lurer kanskje på kvifor dei er fotografert inne i det som var Niedersachsenlager? Det skal du få vite meir om på onsdag, viss du ikkje veit det!
Garden Strand ligg fint til i solhellinga, omtrent midt mellom Stryn og Loen. Biletet er mest truleg teke mellom 1910 og 1925. Mannen til høgre i biletet er i så fall Elias Kolbeinson Strand som fekk skøyte i 1914. Småbarna kan vere Kolbein og Ragna. Kolbein bur på garden endå og Ragna vart gift med John P. Nedreberg. Har du opplysningar eller kan bekrefte mine antakingar, er eg takksam! Opplysningar frå Bjarne Strand: Frå v. Elisabet, Egil, Dagfinn og Tora, alle Abrahamsen. Dei budde i Laksevåg. Vidare har vi Rakel Strand, g. Opheim, Randi Strand, f. Kirkeeide, Kolbein Strand, f. Rake og Elias Strand. Biletet er teke av Daniel Abrahamsen, gift med Tora. Elisabet og Kolbein er søsken . Dei kom frå Danielplassen på Rake.
Oldemora mi, Magrethe Arnesdatter Tonning g. Sunde, passar på eit av barnebarna sine. Magrethe var fødd i 1863, sette til verda sju barn og døydde i 1930. Ho vaks opp på Tonning, men budde ca. 13 år saman med mannen Peder Larssen Sunde (lærar og klokkar) og barna på Ytreeide, i klokkargarden på Solheim. Ho og mannen overtok odelsgarden hennar, bnr. 11 på Tonning, i 1896.
Tonning, Bø og sætrane ovanfor sentrum har gjennomgått store forandringar i mi levetid. Dette bildet er teke i 1958/59 frå Årheimsfjellet. Foto K.A. Tonning. Viss du ser godt etter kan du sjå eit sirkustelt rett nord for barakka på Sundeflata. Bruk ctrl+ for å gjere bildet større og ctrl- like mange gonger for å gjere det normalt igjen.
Håper på eit flott arrangement og satsar på at det står mange par treski utanfor Stryn Vertshus (tidl. Tonning Pensjonat) og dei andre serveringsstadane i helga. Smør tjukt på og få liv i gatene i Stryn.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.