Dagens glimt frå Stryn

Tøft bilde frå Olden (mest truleg litt opp i dalen). Ser ut som det er lærar og klokkar Anders Markusson Kvamme som sit i høgsetet. Bildet er teke rundt 1910-15. Kjenner du nokon her?
Kristen døydde 57 år gammal i 1931. Han overtok bnr. 11 på Tonning,også kalla Klemmetbruket/Mørsbruket, etter faren sin som døydde brått i jula 1891. Kristen kjøpte seg ein motor og dreiv nærmast industriell produksjon av tønnestavar. Det var vanskelege tider på 1920-talet og han måtte selje bruket sitt med det flotte huset som vi i dag kallar Vesla Pensjonat. Kristen var onkelen til fotograf Kaare Tonning.
Idyllisk familiefoto frå 1939. Kona til fotograf Kåre Tonning, Lilly f. Osland, står i teltet til venstre og to av gutane, Ove og Per Helge, trur eg, står til høgre. Bilen har fått eit eige bilete under.
Denne bilen vart brukt av familien Tonning på ein telttur til Billingen i 1939. Bilen var først registrert på R. J. Sundal, Kjøllesdal. Ser ikkje bort frå at fotograf Kåre Tonning kjøpte den av Sundal.
Er det nokon som kan fortelje kva vi ser på bildet? Kven eig/eigde gard/bruk/sagbruk etc. som vi ser her?

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.