Historie er å ta med seg det beste frå fortida. Å sitje på verandaen til Ruth og Brynjulf i Langeset-huset er noko av det kjekkaste eg veit. Her kan ein snakke om notida og framtida, og ikkje minst minnast fortida. Lyset som kjem inn, nærleiken til trea
i hagen og menneska i stolane ved sidan av må berre opplevast. Eg vil dele eit av dei finaste bileta eg har med Dykk. Rasmus Jonson Langeset og kona Bergljot Magnhild f. Sunde ("Bella") med eldstedottra Helga Margrethe (mor mi) og hunden. Eit flott minne frå
våren 1936.