Dagens glimt frå Stryn

B.S.A. står for The Birminham Small Arms Company Ltd. som starta opp i 1861. Denne sykkelen er truleg produsert etter krigen. Den stolte eigaren er Olav A. Tonning (bror til fotografen) og kona Berda. Dette er frå vitjinga deira i 1957. Jenta som står bak sykkelen kjenner eg ikkje, men dei andre trur eg at eg greier å plassere. Korleis er det med deg? Kjenner du nokon her? Vegen dei står på er bygt igjen i vår tid, og i bakgrunnen står eit "tårn" som framleis er på same staden. Den store grana var eg med på å ta ned på slutten av 1980-talet.

Arne Bø 28.03.2013 20:30

Når eg samanliknar med konfirmasjonsgruppa frå sept.1953, trur eg dette må vere tatt tidlegare.Huskar eg heilt feil korleis gjentene såg ut som 18-åringar ?

Arne Bø 28.03.2013 15:30

Eg trur det er Randi Tonning, syskjenbarnet til Aud, Atle og Bjørn, som står bak sykkelen. Randi, Aud og eg gjekk ut av Tonning skule i 1953.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.