Dagens glimt frå Stryn

Jakob Neumann Hammer (Bergen) kjøpte handelsstaden av Reinert S. Sivertsen i 1856. Han gifte seg i 1858 med Antonette f. Osenbruch (Bergen) i Utvik. Svogeren hennar, Rasmus Gerhard Evje dreiv handel på Faleide, og broren Jørgen var handelsmann på Oldøren. Mora til Jakob var dotter av biskop Jacob Neumann i Bjørgvin, som "gjenoppdaga" alterfrontalet i Nedstryn kyrkje og tok det med til Bergens Museum.

Tida rundt 1860 fram til 1880-åra var vanskelege for den "gamle" landhandlarstanden. I 1870-åra vart det skipa handelsforeiningar mange stadar, m.a. i Oppstryn, Nedstryn, Olden og Utvik. Desse foreiningane dreiv med handel og var stort sett eigde av bøndene i bygda. Dei tidlegare einerådande landhandlarane fekk hard konkurranse og mange måtte gje seg.

Hammer selde eigedomen og næringa si til Johan Johannessen Loen i 1878 for kr 18000,-. Loen greidde seg godt og bygde både dampskipskai og hotell Brittania i Utvik, i tillegg til å drive handel.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.