LaBuire 1914 modell. Ein av dei tre bilane Nordfjord og Søndmør Automobilselskap kjøpte inn sommaren 1914, då selskapet var nyskipa. Nils og Jakob Friborg kjøpte bilen rundt 1930, og her ser vi Jakob framme til høgre. Lengst bak sit John Eikenes. Til venstre for Jakob skimtar ein Malvin Tonning. Bilen er på veg ned frå Tystigen/Videseter etter ein skidag på fjellet.