"Ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Til tross for naturen sine herjingar frå den vesle istida ca. 1750 og og fram til idag, har Oldedølene, gong etter gong, med flid og nøye rydda og bygt opp igjen eit levedyktig samfunn. Det står respekt av folket der oppe, som held i hevd det mest trauste av vestlandsarven. Dei har fornya seg, utan å tape av syne det beste i kulturarven vår.