Vi som vaks opp på Tonning på 50- og 60-talet hadde to flotte skibakkar vi kunne bruke: Brattebakkjen og Arnljotbakkjen. Brattebakkjen låg på Bergemsjorda og starta på Løkens plass. Det er akkurat her biletet er teke av Kåre Tonning på slutten av 1960-talet. Nr. to f.v. er Otto Raudi og lengst til høgre Jan Myklebust. Kan det vere Magnar Hjelle som står mellom dei to? Det kan faktisk vere eg som står heilt til venstre.
Eg har mange gode og nokre vonde minner frå denne bakken. Trur Otto og Kristen Tonning måtte bære nedatt ein blodig 5-åring som hadde fått overleppa skåren opp av klørne til hunden Laika.
I bakgrunnen ser vi handlegata i Bø og gardsbruka på Aarheim.