Dagens glimt frå Stryn

Dette biletet er eit postkort frå ca. 1979. Nyevegen over moloen er under arbeid og Bruvollhuset (tidl. Hotel Stryn anno 1894) står framleis. Det brann ned til grunnen 20. september 1979 og eigaren, Audun Bruvoll, brann inne. Vertshuset Fagre Stryn og Fjordkroa nede til høgre i biletet og Nordfjord Meieri på andre sida av Visnes bru. Sommaren 1980 var eg flittig kunde i meieriutsalet. Det var heitt og godt den sommaren, og kald yoghurt og is smakte godt. Tante Idun Tenden jobba på kontoret og to søstre Lunde (Anne Rita og Reidun Anita) jobba i utsalet. Idun forstod nokså snart kvifor den blå Mercedes-lastebilen til Stryn Cementsteinfabrikk med underteikna og hunden Jahro stoppa utanfor minst to gongar om dagen. Men det var eigentleg bruene eg skulle ha med litt om. Gamlebrua (Tonning bru) stod ferdig i 1860 og nyebrua (Visnes bru) 103 år seinare. Vi som leve i dag kan ikkje forstå korleis dei i tida før 1860 greidde seg utan bru. Det gjorde dei forresten ikkje heller! Det var frykteleg tungvint og farefullt å krysse elva før brua kom. Eg vil anbefale dokke å lese "Vegar for vegar var" av Ragnar Standal. Den gamle ungdomsskulelæraren min (og andre sin!) har samla mykje interessant stoff om gamle stiar og vegar i Nordfjord.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.