Her er skulen ny og moderne. Den var opplagt som internatskule, og hadde plass til 40 elevar. Skulen vart teken i bruk i januar 1966 og kosta då totalt kr 2.200.000 for dei 2.180 rutemetrane ein hadde til disposisjon. Borghild Sandvik Næss var rektor ved skulen i heile 33 år og ho var ansvarleg for at omlag 3000 elevar fekk utdanninga si før ho gjekk av 31. desember 1984. Heile dette store skulebygget er no borte.