Fotograf Kåre Tonning d.e. tok dette flotte biletet tidleg på 1950-talet. Det er flott å sjå dette vakre tunet bada i snø og den første vintersola som tittar forsiktig fram. Flofjella som vi Stryningar kalla den flotte fjellrekkja i aust er faktisk like
vakre idag. Ta deg ein tur ut i Vikalida no i helga og prøv å fange inn same motivet. Eg trur faktisk at datoen kan vere rundt den 21.-22. januar? I denne vinkelen er det ikkje so mykje som er forandra på desse 50 åra. God helg!