Kolbjørn Visnes dreiv bilane ved Visnes Hotel. Mest truleg er det han eller Arne som er på bildet. Visnes Hotel hadde først ein National med reg.nr. S-140 og den var registrert på Kristian Visnes. Visnes-familien dreiv handel og på 1930-talet selde dei MIL-oljeprodukt. Verkstaden til Billaget låg vegg i vegg med Visnes-låven. Denne brukte Billaget til garasje for bilane sine fram til selskapet flytta inn til Tonning (Biltun).
Er du interessert i Stryn si motorhistorie og har noko å bidra med (fysisk eller faktastoff), er det fint om du tek kontakt med underteikna på epost: rasmusistryn@hotmail.com eller sms til 90605579. På førehand takk!